søndag 25. september 2011

Fisking og skogstur med Aleksander

Aleksander og eg var veldig tidleg oppe idag for å bli med å dra garn. Vi var nemlig gira på litt fangst, ikkje berre ein fisk eller to. Så vi var klar for fulle garn- og jaggu meg, det fikk vi! Det var god stemning i båten etterkvart som garnet vart trekt opp i båten. I tillegg ramla fleire av på veg opp.
Etter fisketuren var vi klar for nye eventyr- vi skulle på tur i skogen for å steike pannekake! På vegen fann vi nokre andre som også ville vere med. Pannekakene vart skikkelig gode og vi storkosa oss ute i det fine haustveret!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar