På oppdagingsferd i nabolaget

Etter nokre dagar med kleenex og otrivin, fikk eg akutt behov for friskluft. Det ende med oppdagingsferd, med start frå eiga ytterdør og oppdaging av mange nye stiar. Eg har ikkje utforska denne delen av Moldemarka før på sommarstid, men har gått mange fine turar på ski i området.
Eg gikk den heiltrukne linja. Ingen problem å finne stien som startar bak Nordbyen skule. Enkelte parti var litt blaute, men framkombar! Alternativ rute er merka med stipla linje, som ender på same staden som start for turen. Dersom ein vel stipla rute, er einaste tida ein går på asfaltert veg når ein kryssar vegen! Flott tur!
Utsikta frå Eikremsnakken - mot Tusten og Vengetindane i det fjerne.

Kommentarer