lørdag 23. februar 2013

Panoramajakta held fram: Søre Klauva 1356 moh, Isfjorden

Idag kom det endeleg ein skikkeleg finversdag på helg, så eg var kjapp med å pakke sekken og kaste meg i bilen idag tidleg. Køyrde til Isfjorden og sette kursen mot Søre Klauva. Eg hadde fjellet omtrent for meg sjølv, og det var herrrrlig og sjå 17.mai toget til Kirketaket! Kvifor ikkje prøve litt andre toppar også? Kjempefin tur opp til toppen, litt lite snø enkelte stader på eggen, men gikk heilt greit.

Vel oppe kunne eg nyte utsikta mot Hesteskotraversen på den eine sida og Vengetindan, Romsdalshorn og Trollveggen på den andre sida. N Y D E L E G!

Neddturen tok eg via sørøstryggen ned til Hestebotn og hytta Stallen. Fantastisk pudderføre og kjempeartig å kjøre på ryggen. Vel nede ved hytta i Hestebotn var det berre å skli heile vegen tilbake til parkeringa. Panoramatopp nr. 71 kan kryssast ut!




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar