mandag 13. juni 2011

Padling, lupinar og fotball

I dag har vore ein innhaldsrik dag! Starta dagen med padling på ein blikkstille Moldefjord- fantastisk! Der kor eg parkerte var det utruleg mange lupinar, fine blomstrar men er vel som eit ugras, poppar opp overalt...Men dei er litt artige å ta bilder av. Etter fotosessionen i fjæra, fauk eg til Batnfjorden kor Batnfjord IL sitt eminente damelag slo Rival 1-0, trur det er første gong vi har slått dei! Har ingen bilder frå fotballen, var jo opptatt av å springe etter ballen og vere keeper, men her kjem nokre frå padlinga og lupin-sesjonen!









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar