Panoramajakta held fram; Store Vengetind 1852 moh

Sidan eg for første gong flytta til Molde midt på 90-talet har eg sett på Store Vengetind, det høgste og mest alpine fjellmassiv i Romsdalen. Endeleg kom dagen kor eg kom meg opp dit!

Anita og Vidar ville stille som guidar og ta med Benthe og meg til toppen. Eg på jakt etter "toppen av Romsdalen" og ein panoramatopp, Benthe på jakt etter toppar for å bli fjelldronning.

Med godt mot la vi avgarde oppover motbakken, og ja, fjellet er ein skikkeleg lang motbakke! Starten av turen gjekk på fin sti før vi kom så høgt opp at alt berre var stein. Vi skulle gå normalruta, og grusen og steinen vart lausare og lausare jo lengre opp i renna vi kom. Men, med fin fart og mykje skitprat så gjekk høgdemetra unna. Utsikta på veg oppover var det heller ikkje noko å seie på, fri sikt mot Trollveggen, Romsdalshorn, Blånebba og fjella innover i Isfjorden.

Romsdalshorn, Trollveggen, Blånebba og Vengedalen
Godt humør i motbakken!

Nokon er meir opptatt av å pose enn andre!!


Etter knappe 1000 høgdemeter var vi kome opp og ut av renna og var klar for å begynne på ryggen oppover mot toppen. Motbakken tok på, så det var på tide med ein matpause med super utsikt!




Etter matpausen var det på med hjelm og sele og vi gjekk inn i brattare og vanskelegare terreng.


Blånebba og Romsdalseggen, Molde i det fjerne.

Ryggen vi gjekk, runda til høgre.
Det var ikkje stille eit sekund, mykje skitprat og fliring blant "poppleloppene"!




Turen til topps hadde to litt meir vanskelege parti. Det første var eit kort strekke på nokre meter kor det var vanskeleg å finne tak, så Vidar la ut eit tau og det var berre å halde seg fast med ei hand og komme seg over. Så var det berre å gå og klyve oppover, krysse ein liten snøflekk, og så var vi oppe ved den siste utfordringa, ca 75 høgdemeter under toppen.






Flott utsikt mot Kvanndalstind og Karlskråtind.
Rett under toppen!

Vidar klatra opp og la ut tau og vi andre gjekk i tur og orden etter. Det viste seg at partiet ikkje var så vanskeleg, eg skulle nok greid det fint uten tau, men greit å vere på den sikre sida. Så var det berre å ta fatt på dei siste metra til toppen.

Endeleg på toppen av Store Vengetind!! Og, for ei utsikt!


Anita måtte posere i den nye Fjelldronning-skjorta si!





Utan mat og drikke dug heltane ikkje!
Det var på tide og fylle på lagra igjen, så vi tok oss ei god matpause før vi starta på turen ned igjen. Vi rapellerte ned partiet der vi klauv opp, så var det berre å krysse og klyve seg nedover igjen til parti nr 2.

På veg opp var det berre nokre meter som var vanskelege, men no skulle vi over eit parti med sva som var heilt grei å klyve/smyge seg oppover på, men som er litt verre i nedoverbakke. Så vidar la ut tau og vi rapellerte oss ned over svapartia. Så, da var det berre å ta av selen og pakke saman taua og starte på den lange vegen ned.





Ein ting er lange motbakkar, men lange nedoverbakkar på slutten av ein slik lang tur er nesten verre. Lausgrus og møre lår er ikkje den idelle kombinasjonen. Bremsemusklane fekk køyrt seg og samme kor hardt skoa var stramma så var tåfisan heilt frammi skoen.



Turen vart lengre enn kva eg trudde, vi var på tur i totalt 11,5 time. Men det var så mykje skitprat, eller popling som Anita kallar det, og fliring at turen ikkje verka så lang. Det var utruleg godt å kome ned til bilen, ta av skoa og hyve seg over nødprovianten i bilen. Etter ein lang og slitsom dag i fjellet var det likevel fire store glis i bilen på veg heim!

Tusen takk for ei fantastisk fjelloppleving Anita, Vidar og Benthe!
Panoramatopp nr. 157 i boks!

Store Vengetind - I'll be back!

Kommentarer