søndag 20. september 2015

Panoramajakta held fram; Skåla 863 moh, Daugstadsetra, Vestnes

Panoramajakta tek ein mange plassar, nokon spenstige, nokon luftige, nokon lange turar, nokon flate turar, nokon du vil tilbake til og nokon du ikkje vil tilbake til. Nokon som er ein "jobb"!

Skåla ved Daugstadsetra ein ein slik topp. Vi starta frå Daugstadsetra og sette kursen opp lia, kor det skulle vere ein sti...Såg ikkje mykje av den før vi kom på retur. Ovanfor skogen var det snaufjell, så vi berre gjekk rett mot toppen, som det var ganske så langt til i paddeflatt terreng. Allerede rett etter skoggrensa slo iallefall eg fast at etter mi meining var dette eit kjedeleg fjell! Men vi kom endeleg fram til toppen, kor det var stormfulle høyder, og fekk utsikt både mot aust og vest i Romsdalen. 

Etter eit kort opphald bak eit par steinar på toppen, var det berre å kome seg ned igjen. Turen tok ca 2,5 time med moderat gange og det var 400 høgdemeter. Fornøgd med å ha panoramatopp nr 154 i boks, men eg tvilar på at eg kjem tilbake hit!






Panoramatopp nr 154 i boks!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar