mandag 7. september 2015

Nuglefestivalen 2015

Forrige helg gjekk årets Nuglefestival av stabelen!

Dag 1 tok vi turen over Sandnestindan, 5 fjelltoppar som ligg på rekke og rad frå Fræna til Eide. 
Trolltindan, Trolltindan Øst, Stordalstinden, Blåfjellet og Hældalstinden. Starten på turen er ved parkeringsplassen til Trollkirka. 

Pikene på broen!
God stemning i gjengen!
Vi tok stien opp til Trollkirka kor det var på tide med matpause. Etter godt med påfyll var vi klar for neste etappe forbi Trolldalsvatna og opp til Trolltindan langs vest-ryggen.

Eit lite blikk inn i Trollkirka
Langs vestryggen opp mot Trolltindan
Ryggen opp til toppen har nokre bratte parti, men det er fin sti og artige formasjonar på turen. Når vi kom opp på ryggen opna utsikta seg mot ytre delar av Fræna, Eide og Averøya. 







Oppe på toppen er det 360 graders utsikt - det var fri sikt til dei høge fjella i Sunndalen, alle fjella i Romsdalen og heilt til Sunnmørsalpane. 

På toppen av Trolltinden
Utsikt mot Hustadvika, Farstad og Melen og Stemshesten.

Før vi vandra vidare tok vi dagens andre lunsj og nytte utsikta. Energien var på topp når vi la avgarde langs ryggen!




Tilbakeblikk mot ryggen vi gjekk.

Ingen sure miner i denne gjengen!




Blir hoppande glad av å vere på fjellet!



Line og eg måtte gjenskape ei scene frå sommarens store bryllupsfest. Godt fornøgd og ein flott øvelse for å strekke ut hofteleddsbøyaren!
Line og eg måtte gjenskape ei scene frå sommarens bryllupsfest - suksess og god utstrkning av hofteleddsbøyaren. 
På slutten av turen, snart nede på vegen og stien som tok oss ned til bilvegen.
Solid rasteplass på veg ned frå Hældalstinden og Snipa.
Ruta vi gjekk. Hadde ein bil i kvar ende.

Etter turen over Sandnestindan sette vi kursen mot Batnfjorden og Silsetfjellet kor vi skulle overnatte. Vel installert på hytta vart det treretters med god drikke. Ein skikkeleg triveleg kveld kor snakketøyet var innom mange tema. Avslutta kvelden med litt måneskinn!



Dag 2 starta med ein betre frukost før vi tok turen til Indergardsnebba. Litt småsurt ver, men ein fin søndagstur. Sjølv om nebba er eit relativt lavt fjell er det ingenting å seie på utsikta i alle retningar.
Team Rosa med gjesteløparar
Batnfjorden
Utsikt mot Romsdalsfjella
Ruta til Nebbå

Tusen takk for ein kjempetur Hege, Tonje, Benthe, Line og Elisabeth. Gler meg til neste festival!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar