onsdag 27. juli 2011

Budsjettferie dag 17: sykkel- og biltur i majestetisk terreng

I dag har eg vore på både sykkeltur og biltur. Sykkelturen starta frå Gjøra sentrum, ved den nye butikken. Sykla så langt asfaltert veg til Jenstad, kor ein kan sjå to av dei store fossefalla som tilsaman med 5 andre elver utgjer Åmotan- fantastisk skue.



Deretter fortsette eg på grusveg av varierande standard (og bratthet...) til Gammelsætra (KNT-hytte) , Nysetra og Hildrehjellen. Så var det ca 2 km på sti, noko sykkelbart, noko definitivt ikkje sykkelbart!!



Frå Veggasetra starta eg på grusveg, med varierande standard og uttallige elver/bekkar som kryssa vegen. Etter Dindalshytta vart vegen ganske så bra, og etter 15 km stod eg på riksveg 70 på Lønset. Så var det asfalt omtrent heile vegen ned til Gjøra, med unntak av omvegen rundt Vollan (gamlevegen frå brua i botn av Gråura til brua før Gjøra).
Skal sei is og cola smaka godt på Joker Gjøra etter denne turen!


Kart over sykkelturen finn du HER

Etter sykkelturen tok eg turen opp Litjdalen og over Aursjøvegen til Eikesdalen, deretter over Vistdalsheia til Åfarnes og ferga til Sølsnes. Ein lang dag, men ein flott dag! Aursjøvegen har mykje fint å by, ta turen!!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar