fredag 22. juli 2011

Budsjettferie dag 12: stisykling i Julsundet

Idag har eg vore på oppdagingsferd på sykkel i Julsundet. Parkerte ved den gamle skulen i Julsundet, og sykla til Hola, kor eg starta på den bratte fjellvegen opp lia. Fulgte vegen til Fangholsætra, vidare over fjellet Storklauva til starten på stien over Svartnakken. Ein del trilling på strekninga Fangholsætra-Storklauva, men også ein del sykkelbare parti. Stien over Svartnakken var fantastisk artig å sykle- anbefalast på det sterkaste! Og for ei utsikt undervegs!!

Meir info om turen finn du HER og HER









Og til slutt idag- konsert på Romsdalsmuseet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar