fredag 29. juli 2011

Budsjettferie dag 19: "Tour de Gråura" , legevakt og krykker

Etter å ha lest om andre som har tatt denne turen, så framstod det som ein flott tur. Men eg skal ikkje tilbake dit! Starta med å sykle opp Gråura til Lønset, før eg tok av vegen mot Dindalshytta, men tok av til høgre mot gardane som ein ser på motsatt side frå Gråura. Til den siste garden ein ser, den med taubanen, er det grusveg og traktorveg av ymse standard. Frå den siste garden, Holberget, går det sti til garden Grensen, som ein ser på motsatt side heilt i starten av Gråura. Stien er periodevis ganske bra, men den var og periodevis ganske blaut...Så det vart ein lang affære! Omtrent halvvegs greidde eg å kolve, ja gjentek - KOLVE- med andre ord særs lite fart. For på trynet utti ei myr, men traff så klart den einaste steinen som var der- rett i kneet...Såg med ein gong at dette lukta det korssting og broderier av, men som gammal speidar så knytte eg ei laus arm rundt, så eg fikk stoppa blødninga og heldt flenga i sjakk. Etter ein tur på legevakta på Sunndalsøra for sying, bars det til Molde på røntgen, pga legen var bekymra for kneskåla mi. Kort oppsummert- ei veke eller to på krykker (for første gong i historia!!), så no blir det lite spenstige rapportar frå budsjettferien framover!!

Kart finn du HER.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar