søndag 6. april 2014

Panoramajakta held fram: Kvitknyken 1244 moh og Sunnmørslauparen 1253 moh

Fredag avspaserte eg og sette kursen mot Kjersemfjellet i Tresfjord. Dagens mål var Kvitknyken og kanskje Sunnmørslauparen. Eg parkerte på Kjersemsetra og gikk rett opp lia til eg kom opp og fekk utsikt både mot Kvitknyken og mange andre flotte toppar i området. Sette så kursen rett mot vesteggen på Kvitknyken. Det var lite snø etterkvart og steinhard snø, så sette frå meg skia oppi urda og tok på stegjerna. Oppe på ryggen var det av med stegjerna og nesten sommarføre. 

Fantastisk flott utsikt på toppen, og eit artig topparti! Det smaka godt med nytrekt kaffe og bakels med graut der oppe.

Dagen var enno ung, så sette kursen mot Sunnmørslauparen. Gikk opp eggen på vestsida av fjellet, ein artig egg kor mesteparten av strekket kunne bli gått på ski, eit lite parti med litt klyving, men så var det stuegolv til toppen. Tynt med snø, men kunne med små unntak gå på ski til toppen. På toppen er ein utruleg tett på Lauparen, eit mektig fjell.

Nedturen tok eg inne i skåla på fjellet, kor sola tek seint og kor det var kjempefint skiføre. Så var det berre nokre stavtak og så skli seg heile vegen ned til Kjersemsetra igjen!

Ein tur som anbefalast!
Panoramatopp nr. 113 og 114 i boks!

Utsikt mot Lauparen og Sunnmørslauparen i starten av turen
Utsikta mot Vaksvika
Bratt oppover mot Kvitknyken
Næremstindane og Høgsvora
Brudefølgjet, Lauparen og Sunnmørslauparen


Siste eggen opp mot toppen av Kvitknyken

Utsikta frå toppen







 
På veg til dagens andre topp, Sunnmørslauparen (til høgre i bildet)



Gikk ryggen opp, og køyrde ned igjen inne i bollen.



Grytavatnet





Lauparen og Sunnmørslauparen
Lauparen
Flatt på toppen!


Sunnmørslauparen - artig fjell!

1 kommentar:

  1. Hei!
    Kom over bloggen din og må si at det var en utrolig flott blogg etter min smak! Jeg synes det var mange utrolig flotte bilder og mange turtips til turer jeg har tenkt å gå selv. Bloggen din lyser av turglede og er til god inspirasjon, kjenner at jeg har lyst ut på tur, for å si det sånn :)
    Velkommen inn i min blogg: www.livmmesfjellblogg.blogspot.com

    SvarSlett