søndag 4. mars 2012

Langtur på langrennski

Har heile vinteren tenkt at eg skulle gå frå Skaret til Batnfjorden, iallefall til Fursetfjellet. Når eg idag hadde moglegheiter for skyss tilbake, så heiv eg meg rundt. Var og litt inspirert av vasaloppet, men var ikkje akkurat slike forhold på turen. Det var regelrett sugeføre...blaut nysnø...så fort eg kom utom sporet var det stopp, og det var heller ingen stor fart i sporet. Enkelte delar av turen var det svært lite snø, og det er bekymringsfult med tanke på påskeskiturane!

Når eg passerte E39 på Fursetfjellet var eg ved godt mot, men det tok ikkje lange tida før eg "fikk det"...Men, kom meg ned til Silsetvatnet, ned Kleiva og heim til mor. Fin tur, men kunne vore betre ver og føre!

Igår var eg med på Harstadfjellrennet, kjem tilbake med bilder og kanskje film.

Kart over turen er HER.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar