søndag 11. mai 2014

Panoramajakta held fram på Trollstigen.

Trollstigen har opna, og med dagens ver var det ikkje noko å vente på. Benthe, Marte og eg heiv oss i bilen og sette kursen mot Trollstigen. Allerede på fergekaia var det klart at vi ikkje vart åleine på fjellet....Vi hadde sikta oss inn mot toppane Småholtinden øst og den namnlause toppen 1562 vest for Alnestind, mellom Alnestinden og Ringshornet, og det var vi glad for. På Alnestinden og Finnan var det reine 17.maitoget og vi fekk gå meir i fred. Vi starta frå Slettvikane og gikk på ski frå vegkanten. Etter eit par timar var vi oppe på første toppen og eit kvarter seinare på den andre toppen. Aldeles nydeleg skitur, med knallblå himmel og sol. På toppen var det ganske sur vind, så vi var raske med å sette kursen ned igjen. Dei første 500 høgdemetra var det nydeleg føre, var berre å gunne på! Etter ein lengre solings og etingspause tok vi fatt på dei siste knappe 400 høgdemetra, og der var føret alt anna enn nydeleg....VM i pillråtten snø, skia skjærte seg ned i snøen og lyset vart veldig flatt.

Det var ein blid og fornøgd gjeng som vel nede konstanterte at dette var ein meget fin tur! Panoramatopp nr. 118 og 119 i boks.

Takk for turen Benthe og Marte!













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar