onsdag 23. juli 2014

Panoramajakta held farm; Midthøin 1511, 1534 og 1574 moh

Laurdag ettermiddag køyrde eg inn til Isfjorden, inn i Grøvdalen og så langt bomvegen gikk inn i Sørendalen. Så var det å pakke sekken for eit par overnattingar og gje seg avgarde. Fin og flat sti innover dalen først, men etter å ha kryssa elva på hengebrua under, vart det BRATT heile vegen opp Loftdalen til Grøvdalsbakken.


Fin utsikt mot Kjøvskardtind, Klava og Kirketaket.
Vel oppe ved Grøvdalsbakken flata det endeleg ut, og området rundt Nedre Bakkevatn var verkeleg fint!
Grøvdalsbakken og Nedre Bakkevatnet

Etter ei lita kneik til var eg oppe ved Langtjønna, og her vart utsikta rett så fin. Til venstre på bildet er Morgodalstindane, resten er Kirketaket, Klauva, Kjøvskardtind og Vasstindan. Inne ved Haudukhytta og Øvre Bakkevatnet slo eg leir for kvelden, og fekk ein nydeleg kveld på kjøpet!


Juratind i kveldslys
Det var eg og myggen...


Før og etter sola gjekk ned var det rett og slett nydeleg å ligge i lyngen og berre nyte utsikta! Studere rutevalg for neste dag og ta desserten! Det VAR verdt å bere litt ekstra vekt oppover lia for å kose seg på tur!








Ny dag, nye moglegheiter! Hadde egentleg tenkt meg i retning Hauduken, men fann ut at det vart litt for bratt og kronglete frå den sida eg kom (skal ta den igjen men starte frå Sandgrovbotn), så eg sette kursen vidare innover dalen retning Mardalsbotn.



Ved Indre Haudukvatnet tok eg opp dalen mellom Storbrefjellet og Midthøin. Etter kvart som eg kom oppover i høgda vart det storslagen utsikt til dei store fjella i Romsdalen.

Vengetindan og Kvanndalstind

Eg følgde ein rygg oppover mot Nordre Midthøin og etter å ha trøtt i steinurd i ei god stund, så var eg oppe på Midthøin. Da var det berre å ta ein sveip over alle tre toppane der oppe før eg sette meg ned for å nyte utsikta!

Oppover mot Midthøin, Midthøinbreen.



Juratind - majestetisk fjell!

Midthøin sør til venstre og Rangåtind midt i, Grøttavatnet nede til høgre.
Midthøin
Jubel over tre nye panoramatoppar

Over og under: panorama frå toppen av Midthøin



Etter å ha nytt den storslagne utsikta var det berre å sette kursen heim igjen, same rute som opp. Var relativt sårfota i fjellskoa når eg var tilbake ved teltet etter 22 km på tur. Så hoppa i vatnet og bada og slang meg i lyngen for å nyte middag, ei kald øl og krim!



Den andre kvelden var også fin, og det å kunne oppleve slik utsikt og slike farger på himmelen frå teltopninga er det ikkje mykje som slår.








Neste morgon var det ein lang frokost før eg pakka saman og gjekk tilbake til bilen.



Her er kart over turen.



 Vel nede var det utruleg godt med is og cola i Isfjorden! Panoramatopp 126, 1227 og 128 i boks!

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar