fredag 29. mars 2013

Indergardsnebba, Batnfjorden

Idag har det rett og slett vore ein heilt nydeleg dag, og Tonje, Olav og eg tok turen til Indergardsnebba i Batnfjorden. Start frå Silset, opp kleiva og forbi Silsethytta, før vi fulgte traseen til Silsetrenna til topps. Ein del snø nede i skogen, men øverst oppe var det ikkje meir enn kva det måtte vere. Men likevel greie forhold på nedturen. På toppen var det blikkstille, vi traff kjentfolk og kunne nyte utsikta før vi sette snuten ned igjen til bøgda.

Konstanterer at påska så langt har vore ein stor suksess då eg har fått fregner på øra!!

Takk for turen Sæters!
Batnfjorden sett frå nebbå


Sæters i godt driv ovanfor kvilar'n
Klæva e unnagjort





Trollveggen og alle andre praktfjell på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre kan du sjå frå nebbå

Traff på kjentfolk der oppe også!


The cool gang :-)

batnfjorden

Særs godt nøgd førstebestigar av nebbå



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar