fredag 29. mars 2013

Pudderjakt på Kvannfjellet i lag med Tonje

I går vakna eg opp til nysnø og tenkte at her måtte ein ut på tur og sjå om ein kunne finne litt pudderføre. Tonje og eg tok turen til Kvannfjellet, den høgaste fjelltoppen i Fræna, ilag med maaaaange andre.....

Turen opp gikk fint, men det var særs lite utsikt. Sola greidde nesten å brenne av skydekket, men det vart med nesten. Men trass i tidvis lite sikt og mykje kvitt lys, så gjekk det overraskande godt ned igjen. Det var ganske så fint føre ned til skoggrensa, men der var snøen vorte god og blaut.

MEN, uansett ein kjempefin tur, som vart avslutta med pinnekjøttafterski i Batnfjorden- herrrlig!

Og, takk for turen Tonje!





 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar