onsdag 27. mars 2013

Panoramajakta held farm; Kjøvskardtind 1552 moh, Isfjorden

Gårsdagen vart nok ein nydeleg dag på fjellet. Våkna tidleg og sette kursen mot Isfjorden og dagens mål, Kjøvskardtind. Eg starta frå Øvre Kavli og fekk ein litt kjedeleg tur innover i starten, men med slike omgjevnadar er det heilt greit med ei transportetappe! Når motbakken "endeleg" starta, så gjekk det ganske radigt oppover fjellet. Ganske overraska over at eg hadde fjellet for meg sjølv, men heilt greit, har ikkje behov for å gå i kø!!

Oppe på toppen var utsikta formidabel. Kan likevel konstatere at det er lite snø på mange fjell, og dersom det ikkje kjem eit krafig påfyll utan vind, så spøker det for skiføret utover våren.

Føret ned var ikkje av den fine sorten, vindpakka, solpåvirka, oppkjørt, tynt skarelag og 2 meter pudder  gjorde at turen ned ikkje vart den beste. MEN kva gjer vel det når turen totalt sett var heilt nydeleg?!?!

Panoramatopp nr. 75 er teke, og eg har berre 2/3 av toppane igjen.....


Kavlisetra, Gjuratind og Morgådalstindane





Gjuratind





Kyrkjetaket
Heilt OK lunsjutsikt!

Hesteskotraversen - Søre Klauva - Klauva og Kyrkjetaket



Helvetestind - Styggeværshaugen og Kvitfjellet i fremste rekkje, bak Gjuratind, Nyheitind, Sjøvdøla, Goksøyra, Fløtatind og anna snadder



Helvetestind, Nyheitind, Nebba og Sjøvdøla
Vasstindtraversen





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar