tirsdag 7. februar 2017

Å vakne på ein fjelltopp!


Vengedalen i blåtimen
Fekk eit innfall på torsdags kveld, og fredag etter jobb la eg i veg frå Øvre Kavli mot steinhytta "Vår" som ligg rett under toppen på Loftskarstind. Har vore innom der fleire gonger før, og yr.no meldte stor sol og ingen skyar på laurdag, så hadde stort håp om å få med meg ein nydeleg soloppgang. Kan med ein gong sei at alle forhåpningar vart innfridd, og vel så det!

Hytta er lita, men det er ingen problem og overnatte her, ein kan vere fleire også om ein er gode vener! I hytta ligg det ei bok om korleis hytta vart til, og eg bøyer meg i steinrøysa for dei to som bygde denne. Vi snakkar ståpåvilje! 


Etter ein betre middag og lydbok sovna eg som ein stein, og sov kjempegodt heile natta. I frykt for å gå glipp av fargespelet på himmelen, sette eg på vekkarklokka. Men, vakna av meg sjølv i god tid før det og rakk eit par kaffekoppar før eg måtte ut med fotoapparatet. 

Break of day!


Vengetindan og langt bak til høgre, Romsdalshorn
Utsikt mot Måsvassbu, som ligg ved vatnet nede til venstre
Juratind til venstre
Halv 9 var skia spent på og eg la i veg mot toppen av Loftskarstind og neste mål som var Galtåtind. Traversen mellom desse to toppane er berre heilt nydeleg, du går på ein fin egg som ikkje er for eksponert med ei utsikt som kan ta pusten frå deg. Eg har berre gått her på vinteren, til sommaren må eg tilbake! 

Vengetindan, Romsdalshorn og Breitind
Medan eg gjekk og venta på når sola skulle komme opp i aust, kunne eg nyte rosa og lyseblå farger på himmelen i vest. 

Loftskardtinden til venstre, Snortungen til høgre
"Isfjordseggen"

Plutseleg fekk Trollveggen rosafarge, og rett etter kom ho fram! For eit syn!



Juratind til venstre

Slike opplevingar er det ikkje mogleg å kjøpe for peng! Heilt åleine på fjellet, Trollveggen og Vengetindane farga rosa av sola, Juratinden med oransje bakgrunn og sola som kikar over kanten....say no more!

Eg gjekk og glisa heile vegen over til Galtåtind! Eggen var fin og gå på ski, ikkje mange harde parti. Vel oppe på Galtåtind var det småfrisk vind, det var ikkje plassen for ein kaffekopp! Eg har aldri vore på Snortungen, som er neste fjell på rekka, så eg tok av fellene og rente ned til bandet mellom dei to fjella. Så var det på med fellene igjen og opp ryggen. Siste bakken opp til toppen var steinhard skare og is, så her sette eg igjen skia og tok på stegjarn. Oppe på toppen var det flott utsikt ut Isfjorden og fjella innover i Romsdal. Her var det også ganske så frisk vind, så det var berre å snu tilbake. 

For eit skue!
Åndalsnes midt i biletet
Utsikta frå Snortungen
Klokka var berre så vidt 10 då eg var oppe på Galtåtind igjen. Alt for tidleg til å sette kursen mot bilen. Så vurderte først å returnere over eggen til Loftskardtind og køyre ned der, kor det ville vere fint slusjføre når sola fekk ta tak. Men, eg kjaur ned frå Galtåtind og sklei inn i botnen mellom Loftskarstind og Skarven, det var på tide med lunsj! Etter å ha sola meg ei stund, kom eg fram til at eg skulle gå bak skarven og opp på Søre Klauva. Baksida ligg i skyggen, så her var det hard snø og ein del gamle rasutløp. Fann det best å ta på stegjarna og fortsette til fots. 

Oppe på bandet mellom Skarven og Søre Klauva var det sterk vind og det var berre å sette kurs opp ryggen mot Søre Klauva. Halve ryggen på ski, halve til fots med skia på sekken. Nydeleg utsikt på vegen oppover og på toppen. Var ein del spor over (store) Klauva og vidare til Kirketaket, ein fin dag og ta hestesko-traversen på.

På ryggen opp til Søre Klauva

Kirketaket til høgre, Kjøvskardtinden bak.
Frå Søre Klauva mot Klauva
Vengetindane, Romsdalshorn og Breitind. Blånebba skimtast så vidt til høgre i biletet.
Nok ein topp med sterk vind, så var berre å ta fellene av og sette kursen ned austryggen på Søre Klauva. Tidvis rett så fint føre, men var alt frå steinhard skare til småråtten påskesnø. Eg begynte å kjenne det i låra, hadde gått heile dagen (og dagen før) med ein ryggsekk som er litt tyngre enn ein vanleg dagstursekk, og kjørestilen var litt «vinglåt». Men ned kom eg meg! Gjennom skogen ned til Øvre Kavli var det ikkje meir snø enn kva som er naudsynt, så det var myr og kvistkjøring for alle penga.

Rett og slett ein nydeleg tur. Å vakne opp på toppen av eit fjell er aldri feil, sommar som vinter. Det er då du verkeleg får sjå fargane, både på himmelen, på landskapet og over vatn og fjord. Og, dette har vi rett utanfor stuedøra, vi er heldige. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar