Tour de Bobil etappe 5 - Via Ferrata i Loen og turen heim.

Etter å ha hørt på sprutregnet heile natta, vakna vi fredag til litt mindre regn men lågt skydekke. Vi skulle gå Via Ferrata i Loen. Via Ferrata er ein "klatresti" kor klatreturen opp er ferdig bolta og du er sikra til ein wire heile turen opp. Via Ferrata i Loen går frå havnivå og opp til Hoven 1010 meter over havet, der nesten 1 km er wire. Eit stykke under toppen skal ein over Gjølmunnebrua som er 120 meter lang og det er 160 meter rett ned under brua.

Klar til start!
Vi la i veg ilag med 5 andre i tillegg til guiden, til og med kjentfolk! Starten av turen er 170 høgdemeter langs skogsveg og bratt sti, til ein kjem til første wire-strekning.

Denne er ikkje langt men gav oss ei innføring i korleis vi skulle sikre oss og korleis vi skulle bevege oss i fjellet.

Her hadde Thea begynt å få vondt i hauet og kjente på at migrena kom snikande. Dette var eit skot for baugen, men vi bestemt oss for å sjå korleis det gjekk oppover mot 440 moh og innsteget til ruta.

Oppe på rampen på 440 moh. 
Thea var ikkje i særleg god form oppover lia, og etter mykje om og men bestemte ho seg for å snu på rampen på 440 moh. Det var veldig kjedeleg, då ho hadde gledd seg veldig til dette. Ho gikk ned igjen og kvila seg i bobilen, medan eg vart med vidare. Etter turen er eg 110 % sikker på at ho tok rett avgjerd. Det vart både bratt og tungt, og det hadde ikkje vore noko særleg hverken for ho eller alle andre om ho hadde vorte enda meir svimmel og dårleg oppover fjellet. Kjipt!! Men, vi skal tilbake Thea så du får gå!


Eg fortsette ilag med denne gjengen. Ein del regn i starten av ruta, men vart heldigvis betre oppover fjellet.

Vi er i gang! Litt dugg på linsa da...
Det vart brattare etter kvart og utsikts vart berre betre og betre!
Utsikt mot Lovatnet.
Guiden vår Mats.
Vi kom nærare Gjølmunnebrua som låg innpakka i skodde.

Så var vi i gang med den luftige brua!

Det var kjempeartig på brua, var nesten litt skuffa over kor lite nervøst det var!

Gjølmunnebrua




Etter brua gjekk via ferrataen vidare oppover fjellet.

Dei siste metra av ruta.
På toppen av turen, no gjenstod berre turen ned igjen langs sti til Opheim.
Skålatårnet inne i skodda til venstre, Lovatnet og Krunebreen i det fjerne, ein del av Jostedalsbreen.
Utsikt mot Olden.
Loen til venstre, Olden til høgre.
Skodda kom og gikk.


Etter at eg hadde kome ned frå turen bestemte vi oss for å prøve å køyre heilt heim på kvelden. Dersom sjåføren ikkje orka meir skulle vi stoppe og campe. Før vi starta turen heim hadde vi pøsj-fest i Stryn. Så var det berre å sette snuten heimover, og 5 timar etter avgang frå Stryn hadde vi parkert på Grøa. Sjåføren hadde krampe i gassfoten...kva er gale med cruisekontroll???

Etter fem dagar på tur var vi begge veldig fornøgde med turen. Det har vore mange store opplevingar, vi har begge sett stader vi aldri har vore før, vi har hatt gode samtalar og snakka mykje skit! Perfekte ingrediensar for ein bobiltur! Konstanterer også at vi bor i eit nydeleg land!

Takk for ein super tur Thea, håpar det blir nye turar i framtida!




Kommentarer