Panoramajakta held fram; Heimste Skorkja 1200 moh og Sandfjellet 1322 moh, Stordal.

Siste feriedag og ny panoramajakt. Det var meldt greit ver, men med fare for regnbyger utpå ettermiddagen, så eg sette kursen mot Dyrkorn og Dyrkornsetra i Stordal tidleg på dag. Opp frå hovudvegen ved Dyrkorn var det meir ekstrem klatring enn på Trollstigen, veit ikkje kor mange serpentinarsvingar det var før eg kom opp til bomvegen til Dyrkornsetra, men vart nesten svimmel. Var heller ingen brei veg!! Bomvegen opp kostar 30 kr.

Eg parkerte i eit vegskille oppe ved setrene, og sette kurs austover over myr. I andre omtalar av turen, vart det anbefalt å følge myr/opne parti lengst mogleg for så å følgje sti langs elva som renn ned frå Svartevatnet. Men eg orka ikkje tung og blaut myr og fann eit dyretråkk som eg følgde heile vegen gjennom skogspartiet til elva, og innpå stien som kjem frå Gjerdsstølen (sjå kart nedst på sida).  Vel oppe ved Svartevatnet, sikta eg meg inn på nordryggen av Heimeste Skorkja/Sandfjellet, og så var det berre å følgje ryggen bortover.


Svartevatnet
Møtte ei rype, artig, det er ikkje så mange av dei!
Etterkvart flott utsikt mot Næremstindan og Kvitknyken...
....og utover fjorden retning Ålesund.

Opp til topp 1135 som ikkje har namn, var det ein liten hammar og ein kort egg. Det var ingen problem og komme over dette, gode tak heile vegen. På 1135 var det god utsikt, særleg mot toppane eg tok på søndag.





Så var det berre å følgje ryggen vidare bort til Heimste Skorkja 1200 moh og Sandfjellet 1322 moh.
Siste topp i det fjerne!

Frå toppen av Sandfjellet var det utsikt til mange flotte toppar og det vekslande skydekket bidrog til mange flotte motiv.

Nydeleg utsikt frå toppen av Sandfjellet.
Mot Fremste Skorkja/Litlebottshornet og Sandegga, som eg tok søndag. 
Lauparen og Brudefølget med fleire.



Etter å ha kome meg litt ned i lia tok eg ein matpause og såg på ruta vidare. Eg gjekk ned på bandet mellom Sandfjellet og Midtmorgonshornet, og i det eg skulle starte på motbakken opna himmelen seg. Hadde hatt flaks så langt, regnet hadde gått i alle dalar rundt meg. Så det var berre på med regnjakka og gå dei knappe 200 høgdemetra opp til Midtmorgonshornet 962 moh. På vegen opp stakk eg bortom Ørnedalshornet 887 moh. På toppen av Midtmorgonshornet skein plutseleg sola og eg slo til med ein kaffepause og kunne nyte utsikta mot ryggen eg hadde gått.

Ryggen eg gjekk.

Frå toppen følgde eg ryggen nedover i retning Dyrkornsetra. Hadde ikkje før starta og gått, før regnet igjen kom tilbake. Og, denne gongen stoppa ikkje sola det....Det vart berre verre og verre etterkvart som eg kom ned i lia og det rann både utvendig og innvendig! Vart heller ikkje betre då eg glei 5 meter på gjørme og fylte bukse og rygg med dritt....den følelsen som dei seier!


Denne videoen viser det flotte veret!!



Nede ved bilen var det som om dusjen var på, så det var berre å kle av seg utom bilen og hoppe inn og skifte til tørt og køyre heim.

Her er kart over ruta eg gjekk.


Panoramatopp nr. 136 og 137 i boks.




Kommentarer