lørdag 8. desember 2012

Ein fantastisk dag! Skøyter på Røa, Skåla

Har vore fleire turar på og ved Røa på Skåla tidlegare, både til fots, på isen og på sykkel. Dette er rett og slett ei perle! Idag har eg hatt ein av mine finaste skøyteturar nokon sinne! 10 km med buktande elv og fin is, begrip ikkje at det ikkje var fleire der!

Røa har svært lite fall og egnar seg derfor særleg godt til skøytetur no etter ein lengre kuldeperiode. Isen var for det meste fin, eit og anna tre låg på tvers og måtte forserast, og eit lite stykke må ein ut av elva og på land. Dette er i området rundt Fossen, som det står merka på kartet. Det er også mange fine plassar for rast og bålbrenning langs elva. Det er berre å få på seg skøytene og komme seg til Skåla.
Film frå turen finn du HER.



















2 kommentarer:

  1. Her var det myyyye fine bilder!!! Skarpe bilder med masse god vinterstemning. Snubblet tilfeldig inn her og kommer til å følge med fremover!

    SvarSlett
  2. Takk for det! Eg følgjer med på din blog/nettside, mange fine turar og bilder til inspirasjon!

    SvarSlett