Panoramajakta held fram i Sandgrovbotn; Sandgrovegga 1742 moh

Yr meldte om moglegheiter for oppholds og til dels pent ver, så her var det ingen tid å miste. Hadde tenkt meg ein tur til Trollstigen for å gå på Titindan, to toppar som ligg på "Finnan-massivet". Men då eg kom dit hang skodda lågt og det regna, så etter å ha venta på betre ver ei lita stund stakk eg derifrå og sette kursen mot Sandgrovbotn. Sandgrovbotn ligg mellom Romsdalen og Eikesdalen og dit kjem du ved å køyre nesten til Bjorli og ta av til Brude, og ta så av til høgre i det einaste "vegkrysset" du møter. Då er det 25 km med fin grusveg heilt inn til Nedste Mardalsvatnet og det er gratis å køyre der.


Det er ein del panoramatoppar i området og i og med at det var litt sein ankomst så bestemte eg meg for å ta den første og raskaste eg kunne komme meg til. Målet vart Sandgrovegga.


Frå der eg parkerte startar sti over til Eikesdalen. Dit eg skulle var det ingen merka eller utprega sti, men ein og anna plassen kom eg over spor etter gamle fotspor. Så eg sette berre kursen rett oppover langs ryggen. 


Enkelte stader kan det sjå ut som det er litt vanskeleg å kome vidare, men det var det ikkje. Frå ca 1400 moh og opp til 1700 moh var det eit slags hyllesystem, så det var berre å krysse seg oppover. Oppe på 1700 moh flata ryggen ut og det var berre å spasere bort til dei to toppane eg skulle innom.


Eikesdalsvatnet
Det var ei fantastisk utsikt på heile turen, både mot majestetane i Romsdalen, Eikesdalsvatnet og fjella på Nordmøre. Det var desverre så steika surt og kaldt at eg tok meg ikkje tid til å sette meg ned med ein kaffekopp. Det var å kreke seg ned bak ein varde og få på boblejakka og hanskar, hua var på heile vegen....sommar sa du? 

På topp 1742.
Snekje...
Sandgrovegga
Så etter å ha dokumentert bestigninga, tok eg same veg tilbake til bilen. Eg hadde ganske så flaks med veret, på alle kantar rundt meg gjekk det regnbyger, men eg slapp unna alt slikt!

Utsikt innover Sandgrovbotn og Mardalsbotn


Mange artige formasjonar å sjå!
Vel tilbake hadde sola funne på at ho skulle kome fram og eg fann meg ein fin teltplass for natta.



Etter å ha sett opp hotellet, så var det tid for ein betre middag og ei kald øl, med flott utsikt. Skyane gjekk mellom fjella, men plutseleg dukka både Juratind og Vengetindane opp, før dei like plutseleg var borte igjen!

Sandgrovegga til høgre

Juratind stikk så vidt fram midt i bildet.


Fikk også med meg litt måneskinn, men dårleg bilde med mobil, kameraet hadde flatt batteri...
Panoramatopp nr. 149 i boks!
Så vart det å ta kvelden å vente spent på kva ver som var utom teltopninga neste dag!

Kommentarer