Pudderføre på Snøtind, eller Stortussen som vi frå Batnfjorden kalla fjellet!

Har hatt ein nydeleg tur til Snøtind/Stortussen idag. Starta frå Åndal og fulgte traktorveg eit stykke oppover lia. Deretter gjennom open skog på høgre side av Kvernsteinselva. Kryssa elva og sette kursen mot Tusskaret. Litt ovanfor Tusskaret var det laus snø oppå skare, så fann det lurast å ha på stegjarn og ta skia på sekken opp den siste stigninga. Stoppa på ca. 970 moh, då det berre var store steinar og lite snø opp mot toppen. Aldeles nydelig å sitta der med te-koppen og nyte utsikta mot fjella i Romsdalen og på nordmøre!

Turen ned går delvis samme veg som opp. Først ned mot Tusskaret og ned mot Kvernsteinselva. MEN; nedturen fortsett på høgre side av elva, altså ikkje krysse over elva igjen (som på veg opp). Da ventar fin og open skogskjøring ned til botnen av dalen. Nede i dalen ventar det staking...og litt gåing, før ein er tilbake ved bilen.

Kart over turen er her, med cirka rute.



video





















Kommentarer

  1. Det så ut som en sinnsykt fin tur. Skal faktisk gå akkurat samme turen i morgen for første gang så nå kan du trygt si at jeg gleder meg!!
    http://www.stianmedsekken.net/

    SvarSlett

Legg inn en kommentar