onsdag 2. juli 2014

Panoramajakta held fram; Skopphornet 1226 moh og Storheia/Flathornet 1086 moh, Hundeidvik

Så var eg tilbake på gamle tomter. Det har gått 15 år sidan sist eg var i Hundeidvik, då sprengte eg akkorden på FormFin Møbler saman med Tonje. På den tida hadde latmarken overtak, så vi testa ikkje ut fjella i området.

Etter å ha vore på Urke køyrde eg til Hundeidvik, og tok av på bomveg til Megardsdalen. Eg køyrde så langt eg turde...og tenkte at det hadde vore kjekt med ein litt høg firhjulstrekkar!

Så var det å pakke sekken for overnatting ute i det fri og topptur dagen etter. Sette av garde innover dalen og hadde planer om overnatting i området rundt Megardsstøylen. Vel framme mellom Mevatnet og Storevatnet inst i dalen slo eg opp hotellet for natta og slang meg i lyngen og såg på at sola forsvann og skodda kom...Skulle hatt med fiskestang, det hoppa og vaka kontinuerleg i Mevatnet. Hadde vore skikkeleg godt med stekt fjellaure til kvelds! Det får bli på neste tur.

Rett før Megardsstøylen

Her kan du også gå over til Riksem i Sykkylven og til Trandal gjennom Riksemdalen

Hotellet for natta under eggen til Synnavindsnipa til venstre og Hundatinden til høgre



Hundatinden


Nydelege farger når sola går ned!

Teltbardun i solnedgang!

Eg våkna midt på natta av at eg fraus noko inni........ Skodda som hadde kome inn var utruleg rå og kald og sommarsoveposen som skal halde nokre grader var iskald. Men vi som kjem frå denne kanten av landet dreg ikkje til fjells midtsommars utan tynn dunjakke og hue, så det var å montere jakka rundt lår og rompeparti og ta på huå, så kom eg meg gjennom natta!

Når eg stakk hovudet ut av teltet neste morgon var det ikkje akkurat god sikt...

Så det var berre å ta det med ro, nyte kaffen, lese kart og etterkvart tenke på frokosten. Venta ei god stund i håp om at skodda kunne lette, men etterkvart tenkte eg at det berre var å prøve mot toppen av Skopphornet. Eg la i veg i tung og yrdrypande skodde og sleit meg opp bratt, men fin sti.







Plutseleg var eg over skyane, og herrefred for ei syn som møtte meg! Over skyande er himmelen allveg blå!

Glemt var tung sekk og dårleg kondis!
Riksemdalen, Tungremtindan til högre
Hundatinden


Toppane i Molladalen lengst bak

Toppen i sikte!

Skåla (Molde) midt i bildet
Dagens andre mål, Storheia/Flathornet

Panoramatopp nr. 123 i boks!







Heilt greit å ta lunsjen her! Anbefaler boka Sykkelrytteren Tim Krabbe som turlitteratur - lett og fornøyeleg!


Så var det berre å sette kursen for neste topp, Storheia/Flathornet. Først knappe 200 høgdemeter ned, før slakt opp mot toppen.


Frå toppen av Storheia/Flathornet, Ålesund bak til høgre
Begge fjella har store flate topparti, ulikt alle naboar i strøket!
Panoramatopp nr. 124 i boks!
Godt med litt luft under vingan!
Så gjenstod berre nedturen, ein bratt sådan. I starten ganske god, men bratt sti. Når eg kom ned til skoggrensa, gjekk det rakt ått skogen! Stien var umogleg å finne igjen, så eg berre braut meg fram gjennom kjerr, urd og glatte sva. Var klar for å komme ned og for å sleppe unna 750 000 fluer som slo følge med meg...






Ein aldeles nydeleg tur, og kryssar ut to nye toppar i jakta på Moldepanoramaet!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar