Budsjettferie dag 3: På oppdagelsesferd med sykkel på Skåla

I dag har eg vore på oppdagelsesferd med sykkel på Skåla. Parkerte på Skålasenteret og sykla til Nesjestranda vgs, kor eg tok av rett oppover. Der startar bomvegen som til slutt ender på Skålsetra. Testa ut ein grov traktorveg og grusvegar i området, hadde tenkt meg opp på Bjørnlihaugen også, men fikk girtrøbbel og droppa den. Eit kjempefint område som eg skal teste ut meir. Det er ein del grusvegar, traktorvegar og stiar, som gjer at ein kan sykle rundtomkring på store delar av foten til Skåla. Men utifrå kartet er det ein del myrparti, så trur eg skal vente til det har fått tørka opp litt...





Kart er her

Traktorvegen eg sykla på er ikkje innteikna på kartet, men den går parallelt med Vikvatnet, oppe i fjellsida. I følge kart skal det vere mogleg å følge den heilt inn mot skålsetra, men eg prøvde ikkje å leite etter den stien.

Kommentarer