Vengetindtraversen - Norsk fjellfestival, Rauma

Vengetindtraversen har stått på ønskelista i mange år og når den kom på programmet på fjellfestivalen var det berre å sitte klar når billettsalet opna. På veg til Åndalsnes den morgonen tenkte eg at eg kom til å køyre til Åndalsnes for å snu, det regna oppover og skydekket var svært lågt. Men det letta opp etterkvart og det var ikkje regn når eg kom fram. Men skydekket var lågt, så det var gode moglegheiter for at vi enten måtte snu eller gå til ein anna topp i staden. 

Vi starta turen øvst i Vengedalen med hauet i skydekket, men god stemning i gruppa!

Når vi nærma oss Olaskardvatnet vart skydekket plutseleg mykje tynnare og i eit glimt såg vi Romsdalshorn på motsett side av dalen. Trolsk stemning. Kanskje kunne vi gjennomføre turen?


Det tok ikkje lang tid før vi var over skydekket og kunne nyte utsikta mot Kvanndalstind under ein kjapp matpause. Det fjellet ser berre heilt umogleg å kome seg opp på! Men som med mange andre slike, så er ikkje det noko problem så lenge ein er sikra og ikkje er høgderedd.


Kvanndalstind


Endeleg var vi oppe på ryggen vi skulle følge.



Måtte ta oss tid til å knipse litt, magiske omgjevnadar
Her kom vi...
og bortover her skulle vi!

Om ei rute er vanskeleg eller ikkje avheng av kven ein spør. Men eg synest ikkje denne turen var vanskeleg, det var berre klyving, men det var jo eit stykke ned fleire plassar, så det var heilt greit å gå i tau.

Litje Vengetind i skodda

Etter å ha passert Sørlige Vengetind og kome ned til lågaste punkt mellom den og Litje Vengetinden gjekk vi ned på breen, over den og opp i skaret mellom Litje og Store Vengetinden. Det vart desverre ikkje tid til Litje Vengetind, så vi heldt fram langs galleriet og til toppen av Store Vengetind. 

Galleriet, langt ned her...
Oppe på toppen var det null sikt men god stemning! Glad eg har vore på Store Vengetind før så eg veit kor storslått utsikta er!



Så var det berre nedturen igjen! Først rappell, så var det parti med ein del snø og litt is heilt ned til skardet mellom Store og Nordlege Vengetind. Det var bart heilt øvst i renna før vi endeleg kunne "jogge" 400 høgdemeter ned på snøen, og vidare på stien ned til Vengedalsvegen. Synd vi ikkje fekk gå heile traversen, men fjella står der!





Kommentarer