Panoramajakta held fram; Tungremtindane 1290 moh, Riksemdalen, Sykkylven
Betre seint enn aldri, men her kjem ein rapport frå ein rett så kjekk påsketur!! Som bestilt kom finveret til sjølve påskehelga, og det var berre å pakke bilen og sette snuten sørover. Hadde fått med Benthe og planen var å gå inn i Riksemdalen og telte og prøve oss på Tungremtindane, og kanskje litt til om vi orka. Eigentleg hadde vi tenkt å gå heilt inn til Storevatnet første dagen, men vi syntes sekkane var vel tunge når vi kom opp til Dammen (må ha med litt ekstra når ein skal på påskeferie!) og plutseleg begynte det å sludde. Det var lite fristande å bli blaut, gå mange km til og sette opp telt i møkkveret, så vi fann ut at vi like gjerne kunne campe ved Dammen. Det står ei lita hytte ved vatnet, open men omtrent uten innventar. Vi gikk inn dit for å vente på at det skulle slutte å sludde så vi kunne sette opp telt. Men tida gjekk og det var eigentleg ganske behageleg å vere inne i ei hytte, sjølv om den ikkje var varmare enn på utsida og at sittekomforten var særs dårleg. Vi ...