onsdag 12. juli 2017

Påske, pudder, toppturar og telt i Sunndal og Nesset!


I påska vart det supre forhold for topptur i siste halvdel, og slikt måtte utnyttast. I løpet av eit drøyt døgn i Nesset fekk eg to flotte toppturar og ei nydeleg teltovernatting!

Dag ein gjekk turen til Fløtatinden. Starta tidleg og hadde faktisk fjellet for meg sjølv heilt til eg kom ned til skoggrensa igjen! Og for eit føre, pudder de luxe!

Fløtatinden til venstre og Trondskjortetinden til høgre
Fløtatinden - pudderføre de luxe!
Litjskjorta til venstre, traversen frå Glennfjellet til Ryssdalsnebba midt i, Skrommelnebba lengst til høgre
Fine fjell på rekke og rad, Breitelnebba til venstre for skia.
Hadde toppen for meg sjølv!
Fantastisk utsikt frå Fløtatinden
Etter turen sette eg kursen mot Øverås og Eikesdalsvatnet. Eg har fleire gonger telta her, og det er like fint kvar gong!

Gogsøyra
Dagens turmål midt i biletet
Frå Øverås med utsikt mot Røndølsskaret
Hotellet for natta!
Gogsøyra
Kveldskos
Neste morgon vakna eg til kaldare ver, og det hadde kome eit lite melisdryss i løpet av natta. 



Etter ein god frokost pakka eg saman og sette kursen mot Vistdalsheia. Etter mange dagar med ski, både bortover og oppover, var det ikkje mykje futt igjen i føtn, så eg bestemte meg for ein tur til Kvitfjellet. Fin tur med slake bakkar!

Vistdalen
Toppen til høgre i biletet
Sjøvdøla til venstre og Nyheitind til høgre
Utsikt mot Eikesdalsvatnet og gårsdagens turmål
Utsikt frå toppen av Kvitfjellet mot Juratinden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar