søndag 9. juli 2017

Panoramajakta held fram; Trollvasstindan 1422 moh og Midtre Trollvasstindan 1384 moh

Desse toppane var det ikkje berre enkelt å få tak i!

For eit par veker sidan gjorde eg første forsøk, med start frå Pusken/Overøye i Stordal. La avgarde i sol og god temperatur, men oppdaga at det var nysnø i fjella...

Frå starten på Kvitlane
Trollvasstinden 1422 moh, mista litt trua når eg såg kor mykje snø det var...
Spektakulært fjell

18 høgdemeter under toppen av Trollvasstindan 1422 moh måtte eg snu pga. NYSNØ! Snøen var så glatt at eg hadde problemer med å halde meg på beina, så hadde ikkje lyst til å prøve meg på det litje bratte og "ekle" partiet som er på fjellet. Det var tunge 10 km tilbake til bilen som var parkert ved Pusken. Sjelden eg har vore så sur og forbanna på ein fjelltur, så langt for ingenting!

Så nært, men så fjernt....
Veka etter skulle eg ta hevn!

Denne gongen starta eg frå Bøstølen i Innfjorden. Sette fart innover og opp til Ådalen, kjapp matpause og vidare opp til ryggen mot Trollvasstinden 1422. I og med at eg var der veka før, så gjekk det mykje fortare oppover.

Utsikt ned mot Stortrollvatnet
Framleis mykje snø i fjellet

På avstand ser det vanskeleg og bratt ut og kome seg opp der, men det er ingen problem, enkel klyving. 20 høgdemeter under toppen kjem ein til det einaste utsatte punktet på turen, ei klemblokk er hinderet. Eg gjekk nokre høgdemeter lengre ned og fann fin rute med litt klyving, så var det rett til topps.
Akkurat passert klemblokka
Utsikt ned mot Måndalen
Trollvasstindtraversen
YES! Hevnen er søt!
Lenge sidan eg har vore så glad når eg kom på ein topp, hevnen er søt! Frå toppen er det DEN utsikta,  og den måtte nytast. Hadde også planer om å prøve meg på neste topp på ryggen og det var greit å få sett i den retninga og. 

Neste topp midt i biletet, Midtre Trollvasstind. Kom opp snøfelta til venstre for toppen.
Etter å ha nytt utsikta ei stund, var det rett ned igjen. Denne gongen passerte eg klemblokka med eit lite hopp, og så same rute ned igjen. Ved ca. 1150 moh starta eg i retning Midtre Trollvasstinden. Kryssa snøfelt i retning toppen så inn på "tørt land", det vart ganske bratt til slutt!

Tilbake mot dagens første topp
Kom opp på eggen som var heilt grei å gå. Når det gjenstår omtrent 10 høgdemeter kjem ein til ein hammar, denne er enkel å kome seg opp ved å halde til venstre. Så, plutseleg var eg på toppen, andre panoramatopp for dagen, nr 189.


Traversen bort til Trollvasstinden
Midtre Trollvasstind
Imponerande utsikt her også, fekk også studere traversen mot Trollvasstind, heftige greier. Den kan bli gått, men det krev klatreferdigheiter og sikringsutstyr.

Trollvasstinden og Molde langt der bak

Lauparen til venstre og Brudefølgjet midt i biletet

På toppen er det også god utsikt til tredje panoramtopp på traversen. Den kan også klatrast, så for min del må den angripast enten frå Ådalen eller frå Dyrdalsdalen (frå Pusken). 

Traversen til Søre Trollvasstinden
Yes! Dagens andre og panoramatopp nr. 189
Etter matpause sette eg kursen ned bratte snøfelt i retning Ådalen, utruleg komfortabelt å "jogge" seg ned 400 høgdemeter i staden for å bremse seg ned! Når eg kom ned i sida under Midtre Trollvasstinden slo eg frå meg tanken om å prøve meg på dagens tredje topp. Eg hadde kome meg litt seint avgarde, hadde heilt feildimensjonert matpakka og var egentleg litt sliten.

Oppkomme nede i Ådalen
Ådalen og Ytste Brynbottsvatnet
Etter å ha teke hevn over Trollvasstindan var eg i godt humør då eg tok turen tilbake til Bøstølen. Eg var både svolta og sletta når eg kom til bilen og bestemte meg for berre å overnatte på Bøstølen. Fann meg ein fin og mjuk teltplass og fyra opp primusen. Middagen med ei øl til smaka himmelsk!


Grønnfonnfjellet og Taskedalstinden
Bøstølen

Vakna opp til ein fin morgon og vurderte tur, men vermeldingane var ikkje gode, så kjaur heim til husmaling...



Panoramatopp nr 188 og 189 i boks!

Under er det kart over turen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar