onsdag 12. juli 2017

Panoramajakta held fram; Tungremtindane 1290 moh, Riksemdalen, Sykkylven

Betre seint enn aldri, men her kjem ein rapport frå ein rett så kjekk påsketur!!

Som bestilt kom finveret til sjølve påskehelga, og det var berre å pakke bilen og sette snuten sørover. Hadde fått med Benthe og planen var å gå inn i Riksemdalen og telte og prøve oss på Tungremtindane, og kanskje litt til om vi orka.

Eigentleg hadde vi tenkt å gå heilt inn til Storevatnet første dagen, men vi syntes sekkane var vel tunge når vi kom opp til Dammen (må ha med litt ekstra når ein skal på påskeferie!) og plutseleg begynte det å sludde. Det var lite fristande å bli blaut, gå mange km til og sette opp telt i møkkveret, så vi fann ut at vi like gjerne kunne campe ved Dammen. Det står ei lita hytte ved vatnet, open men omtrent uten innventar. Vi gikk inn dit for å vente på at det skulle slutte å sludde så vi kunne sette opp telt. Men tida gjekk og det var eigentleg ganske behageleg å vere inne i ei hytte, sjølv om den ikkje var varmare enn på utsida og at sittekomforten var særs dårleg. Vi fann derfor ut at vi berre kunne sove på golvet inne i hytta i staden for å gå ut i blautsnøen. Funka som berre det!

Vi var jo på påsketur, så det var viktig å pynte og gjere det litt heimekoseleg!





Sidan det var påske, så måtte vi kose oss litt ekstra. Det vart nysteikte sveler til dessert FØR middagen!

Etter ein betre middag og mykje skitsnakk var det på tide å krype i påsan, som Lars Monsen seier, og lade opp til ein ny dag. Yr lova stor sol og blå himmel, så vi hadde trua.


Yr fekk rett og vi kunne legge av garde innover Riksemdalen i nydeleg, men kaldt vinterver. Vi såg fram til å kome ut i sola etterkvart. Det er ein drøy måle langs vegen innover dalen. Dagens turmål ligg i sola til venstre i biletet, Tungremtindane.


Endeleg kom vi opp i sola og fekk sjå Riksemdalen i heile si prakt. Ein aldeles nydeleg dal omkransa av kvasse, alpine fjell. Eigentleg så lignar den litt på Molladalen, men Riksemdalen er mykje opnar og større enn Molladalen, og kan hende gjer det at den ikkje er så kjent? For det er ingenting å utsette på fjella, men dette er jo ikkje klatreterreng.



Då vi kom inn til foten av Tungremtindane var det på tide med lunsj, og det er absolutt ikkje mogleg å klage på utsikta til brødskiva!



Det var ingen andre skispor her, så det var berre å sette igang trakkemaskina, det vil seie oss sjølv. Det var berre å krysse seg oppover og bytte på å vere trakkemaskin. Men eg vart tidvis nesten meir oppteke av å sjå meg rundt enn å gå...for ein dag, for ein dal!

Frå venstre: Keipen, Blåbretindane på ei lang rekke, Skarrabben og ein liten flik av Storvasstinden
Delar av ryggen opp til Synnavindsnipa
Ikkje langt igjen!
Vi kryssa og kryssa, og plutseleg hadde vi ikkje langt igjen. Bak oss i sporet var det kun ein person, han fikk det litt lettare gitt! I det vi velta over kanten vart et rett mållaus. For ei utsikt, ville fjell og Hjørundfjorden i all sin prakt. Ord er overflødige!

Hjørundfjorden med mange av sine godbitar



Bakerst ruvar Rånå i all si prakt

I fjor omtrent på same tida stod vi på andre sida av fjorden, på toppen av Randers. Der var det kø då, det var det også denne dagen. Ser ein nøye på biletet under er det folk over heile fjellet. Fantastisk å kunne ha ei slik utsikt for seg sjølv, ikkje omkransa av sosiale media, damer i kjole og breiale Ålesundarar ;-) 


Det er tre panoramatoppar med namnet Tungremtindane. Eg vurderte om eg skulle prøve meg på fleire, men kom fram til at eg ville droppe det. Det var store skavlar som omtrent hang over toppen, og det frista ikkje å utfordre desse. Så, etter mykje utsiktsnyting var det berre å få av fellene og sette kursen ned, og for ein nedtur det vart! Pudder heile fjellsida ned! Måtte berre sleppe ut eit par jubelrop eller tre... nesten nede ved foten av fjellet møtte vi to svenskar, dei gledde seg til turen ned då dei hadde hørt våre utbrudd!!!

Etter at vi kom tilbake til hytta var det på tide med afterski og ny runde med sveler. Pussig nok så har eg ikkje bilder frå den delen av turen!! Vi satt ute så lenge sola var framme og kom fram til at vi tok ei natt til på dette flotte hotellet. Dagen etter sette vi kursen tilbake til bilen og køyrde til Fjellsetra kor vi gikk på Auseskjæret. Må vere eit av dei kjedelegaste fjella eg har vore på, i tillegg var det holke, ikkje feste opp og berre skrensing ned. Ikkje verdt eit eige innlegg!

Men, Riksemdalen har vorte ein favoritt, og det er nok ikkje siste gongen eg er der (sjølv om det er  6-7 km på føt/sykkel/ski frå bilen til du er inne i dalen)!

Takk for turen Benthe, nok ei flott helg langs Hjørundfjorden!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar