Panoramajakta held fram; Titindan 1460 moh og 1422 moh, Trollstigen, Rauma

Ferien har vore rett så nitrist vermessig sett, så eg har vore ein over snittet ivrig besøkande på yr.no i håp om betre tider. Plutseleg såg det ikkje så verst ut ei vekes tid, så eg pakka inn i den lånte bobilen og sette kursen mot Trollstigen. Det var alt anna enn fint ver den kvelden eg kom opp dit med grauttjukk skodde og pissregn. Men utover kvelden lysna det opp og eg fekk trua.




Og gjett om det vart fint ver! Eg vakna til ein strålande morgon på Alnesreset, Sol frå blå himmel og 5 plussgrader.

Dagens mål var Titindan som ligg i "Finnan-massivet", mellom sjølve Finnan og Kongen og Dronninga. Her er kart over ruta:


Det er ein forholdsvis kort tur og ei enkel rute. Start er parkeringsplassen på Trollstigen, så langs sti opp til Bispevatnet.

Bispevatnet

Turen vidare går langs vatnet og den merka stien til Bispen og Kongen. I det stien til Kongen og Bispen begynner å svinge inn mot skaret mellom dei to, så skal ein setje kurs rett fram og inn mot skaret mellom Kongen og Finnan. Så er det berre å følge ryggen på Innfjordssida av fjellet opp til topps.

Titindan omtrent midt i biletet
Utsikt mot Breitind og Bispen
I skaret mellom Kongen og Bispen, Karitinden i bakgrunnen.
Eg kom opp på topplatået og det låg framleis mykje snø der. Heldigvis var snøen ganske grei å gå på, det var også nysnø heilt øverst den dagen!



Den første toppen er den høgaste av dei to og har ein varde. Eg slengte frå meg ryggsekken der og tok turen til topp nr to som ligg lengst fram mot Innfjorden, som ikkje har noko markert toppunkt.

Utsikt frå Titindan 1422 mot Finnan og Titindan 1460.
Molde langt i det fjerne.
Tilbake på den høgaste toppen var det på tide med lunsj, og det var heilt umogleg å klage på lunsjutsikta! Utruleg kor godt matpakka smakar på slike plassar! Medan brødskivene gjekk ned på høgkant satt eg og studerte Dronninga. Har store planer om å komme meg dit i sommar, men frå min vinkel såg det jo nesten umogleg ut å komme seg dit. Men, alle tidlegare erfaringar viser at eit fjell kan sjå umogleg ut på avstand, men jo lenger ein går jo meir opnar det seg opp moglege ruter, så kjem meg sikkert dit også!

Dronninga, Store Trolltind og Kongen.

Trollveggen og Dronninga

Romsdalshorn midt i biletet.
Det er framleis ein del snø i fjellet, noko som var kjekt på returen. Går straks raskare og komme seg ned når ein kan skli på snøen istaden for å forsere ur!


Anbefaler Titindan som turmål. Det er nok eit av dei mindre besøkte fjella på Trollstigen, men har ei fantastisk utsikt, er ikkje eit vanskeleg fjell og det er ikkje ein lang tur.

Panoramatopp nr. 151 og 152 i boks!

Kommentarer

  1. Flott blogg - har lest meg igjennom det meste. Inspirasjon! og samleaspektet har jeg sansen for. God tur videre, gleder meg til neste innlegg.

    SvarSlett
  2. Hvor lang tid brukte du? :)

    SvarSlett
  3. Takk for det - kjekt med gode tilbakemeldingar! Veit ikkje eksakt gangtid, tok meg god tid! Men vil tru at det ikkje tok meir enn 2,5 time opp.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar