onsdag 29. juli 2015

Panoramajakta held fram; Litjvasstinden 1490 moh, Bøstølen, Rauma

Bøstølen
Endeleg ein dag med finver, så eg var rask å hyve meg i bilen og sette kursen mot Innfjorden og Bøstølen. Vart møtt av både kyr og sau før eg parkerte, og eg blir like glad kvar gong eg ser dyr til seters. Noreg treng bonden!

Dagens mål var Litjevasstinden 1490 moh. Første del av turen går opp til Litjevatnet langs fin sti. I følge kartet skulle det gå ein sti langs vatnet på nordsida, men den tok plutseleg slutt...og eg måtte bryte meg gjennom bjerkakjerr type jungel...Var heilt herleg å kome ut på andre sida og finne ein fin sti opp mot Ytste Brynbottsvatnet.

Fin sti inn til Litjevatnet
Litjevatnet
Flott "sti-valg"...
Endeleg ute av krattet


Tok ein liten pitstop før eg starta på ryggen opp mot toppen. For å komme opp på ryggen gjekk eg berre rett på, og etter nokre bratt meter var eg oppe på ryggen.

Ryggen er fin og følge, litt smal enkelte plassar men desse kan fint passerast på venstre side av ryggen. Litt deprimerande å sjå nysnø der...det skal jo liksom vere sommar!

Oppe på ryggen, kjenner lukta av ein panoramatopp til!!
Trollvasstindan og Fokhaugtinden til høgre og Pusken i Stordal i enden av den grøne dalen.
Kjempefin rygg å gå, ikkje bratt eller vanskeleg.
Siste innspurt til toppen, som ligg litt bak toppen på bildet
Trollvasstindan og Fokhaugtinden
På toppen!
Frå toppen og vidare mot Måsvasstinden, ei rute for ein anna tur.
Oppe på toppen tok eg ein lengre pause, men det var såpass surt at boblejakke og hue måtte på for å nyte matpakka...

Turen ned gjekk kjapt unna då eg sklei på snøen ganske så mange høgdemeter nedover, og plutseleg var eg nede i dalen igjen. Ned til vatnet gjekk eg langs ein fin sauesti, og tenkte det ville vere enklare å langs vasskanten enn gjennom krattskogen, men den gong ei....etter mykje knoting kom eg meg gjennom og kunne sette kursen ned til Bøstølen igjen.

Det er også mogleg å nå toppen frå setrene rundt Pusken i Stordal, men anmarsjen er minst like lang.

Fin rygg og topp, men kjedeleg anmarsj og utmarsj..

Panoramatopp nr. 148 i boks!

Det var nokon som ikkje ville at eg skulle reise heim!





2 kommentarer:

  1. Hei! Kan eg låne bildet ditt av stølen med dyra på? Skal lage ein liten presentasjon for evt cruiseturistar, og i og med at det er dyra mine på biletet, så kunne eg tørre å spør :-) Håpar det er ok. Kan skrive på fotograf hvis du vil...

    mvh Magnhild Vik, Innfjorden

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Beklager seint svar! Du kan berre bruke bildet, berre oppgi meg som fotograf!
      Eg diggar dyr på setra, så slikt må ut til turistane!
      Mvh Carina Stokke

      Slett