Lofoten del 1: Reinefjorden; Vindstad og Bunesstranda

For nokre veker sidan var eg i Lofoten ei veke. Hadde planer om både den eine og andre toppen, men ein heftig forkjølelse forpurra planene noko! Men, trass i det og litt småsurt ver, så fekk eg ein del fine turar. Her kjem rapport frå del 1, som var tur inn Reinefjorden og over til Bunesstranda, ei av dei flotte strendene i Lofoten. Kart over turen ligg heilt til sist.

Reine

Det går båt fleire gonger dagleg frå Reine og innover fjorden til Kjerkfjorden og Vindstad. Eg tok båten til Vindstad og gjekk derifrå til Bunesstranda.

Vindstad


Vegen til Bunesstranda går over eidet mitt i bildet


Etter å ha pusta og pesa meg opp 100 høgdemeter...fekk eg utsikt til Bunesstranda. Eit flott skue!
Bunesstranda, med Helvetestind til høgre
Utedo med utsikt!
Helvetestind


Ingen grunn til å klage på utsikta frå hotellet!
Etter å ha sett opp hotellet, pakka ut og ete ein betre middag, tok eg meg ei utflukt på stranda. Den er ganske stor og det tok si tid å krysse over til andre sida, kor det einaste huset i bukta ligg. Det var delvis fint ver når eg var der, men langt i frå varmt. Årets beste investering er ei primaloft-bukse ("syntetisk dun") - mest brukte plagget heile veka!



















Dagen etter tok eg same veg tilbake. Båten til Reine gjekk innom Kjerkfjorden, nok ein flott plass!








Kommentarer

Legg inn en kommentar