fredag 2. mai 2014

Panoramajakta held fram: Storknubben, 1208 moh, og Søre Sessknubben, 1178 moh

2. påskedag tok eg turen til Storknubben og Søre Sessknubben. Dette er eit fjell som ikkje så tek turen til sommar som vinter. Eg sette kursen mot Daugstadsetra (bomveg opp), på austsida av Tresfjorden. Parkerte bilen ved siste avkjørsel til høgre før vegen deler seg oppe på Daugstadsetra. Så var det å sette skia på sekken og ta på fjellskoa og gå i ca 25 min i blautmyr og snøflekker. Under den første skikkelige stigninga var det på med skia. Der hadde ikkje sola tatt så mykje, så det var ganske steinhardt. Men med frenetisk stålkantbruk så kom eg meg opp. Oppe på ca. 700 meter gjekk det svakt oppover til ca. 900 moh, så flata det ut oppover mot ca. 1050 moh. Det var skiføre omtrent heile vegen, men måtte av med skia litt innimellom. Derifrå steig det bratt oppover, og det var berre å krysse seg oppover.

Dei siste 75-50 høgdemetra var det av med skia, og på med stegjern og isøks. Det var steinhard skare, men heldigvis hadde vore noko der før meg for ei stund sidan, så det var gjenbruk av spora. Men likevel var det veldig veldig hardt føre. Vel oppe var det ei fantastisk utsikt!

Vel oppe sette eg av meg sekken og gikk vidare bort til Søre Sessknubben. Først ei flate bortover, før det gjekk nedover og rundt eit par hammarar som var litt meir vanskeleg. Men det gjekk heilt greit å komme seg forbi. Frå Søre Sessknubben er det ein fin rygg vidare til Øspetind. Hadde det vore meir snø, så hadde eg gått vidare dit og kjørt ned igjen frå Øspetind og tilbake til Daugstadsetra.

Ei fantastisk avslutning på påska 2014, og panoramatopp nr. 115 og 116 er i boks!


Endelig skiføre etter blaute myrer!
Flott usikt mot Svartvasstind
På ca. 900 moh

Bratt stigning siste 200 høgdemetra
Siste metra

Søre Sessknubben og Øspetind
Flatt på toppen av Storknubben
Mot Næremstindan
Kan ikkje klage på utsikta!

Happy panoramajeger!
Herlig "afterski"!

Klar for nedfarten!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar