Ferie del 2, Panoramajakta held fram - Lauparen 1434 moh

Idag har Synnøve, Tonje og eg vore på ein veldig fin fjelltur til Lauparen, 1434 moh. Vi køyrde inn til Grytalisetra og fulgte fin sti og gode merkingar frå parkeringsplassen til toppen av fjellet. Eit flott fjellområde som må besøkast igjen! Det var litt skoddedottar rundt omkring på veg opp, men det var heldigvis flott utsikt nordover og austover frå toppen (så vi fekk sjå heim!). På veg ned vart det verkeleg sommar, sola var stabilt framme på dei siste to timane ned til bilen. Alle var einige i at det hadde vore ein SÆRS fin tur!

Takk for turen Synnøve og Tonje!



















Kommentarer