torsdag 17. mai 2012

17.mai - gratulerer med dagen!

17.mai kan vere så mangt, iallefall for folk utan ungar og stress med stryking av bunadsskjorter og å rekke toget.

Eg hadde bestemt meg for å tilbringe dagen ute i guds frie natur, og sette snuten mot Fosterlågen i Gjemnes. Der ligg det nemlig to små fjelltoppar som er i Moldepanoramaet. Det var opphaldsver då eg parkerte bilen og eg bestemte meg for å sette kursen mot Vetafjellet, 612 moh, og dersom veret og forma framleis var bra på retur skulle eg vurdere Kjerringlia, 640 moh. Starten av turen gikk på fin sti innover Sandnesdalen, før det gikk over til blautmyr og snøflekka. Sjølv om eg tok brattaste vegen rett opp, så var det ikkje så langt. På tur opp begynte det å yre og skodda kom lenger og lenger ned. På toppen var skodda ganske så tjukk, null utsikt, og yr var gått over til regn. Var berre å få på regnjakka og pakke fotoapparat inn i vasstett pose. Retur same veg.

Hadde planlagt å også ta middagen ute, men då eg kom til bilen PLASKREGNA det og det vart kjapt forkasta, då det ikkje var nokon plass med tak over i sikte.

Korleis kome dit?
Køyr til Gussiåsen og følg skilting til fosterlågen. Betal 30 kr for å få køyre bomvegen, hald fram i ca 2 km og parker på venstre side av vegen. Det er skilta til toppen frå vegkanten frå høgre side av vegen.

Fin tur, sjølv om veret ikkje var så bra!

Gratulerer med dagen til alle!


FILM frå turen er HER.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar