Innlegg

Blåfjellet, Inste Åbittind og Ytste Åbittind

Bilde
Leste første gong om Blåfjellet og hytta Blånebu i ein kortreist-reportasje i Romsdals Budstikke for eit par år sidan. I fjor prøvde eg meg på fjellet, men måtte snu pga. null sikt og kjempetjukk skodde. Fredag prøvde eg meg på nytt og kom meg opp på toppen og kunne nyte den storslagne utsikta. Når eg først hadde slukt unna ein del høgdemeter fortsette eg turen til dei to neste toppane, Inste- og Ytste Åbittinden. Frå Ytste Åbittinden er det ein kvass egg over til Trolltind, som er eit ynda skitur-fjell. Utsikta frå toppen var kjempe, men bilda er tatt med mobil, så ikkje all verdens kvalitet. Blåfjellet er stikk-ut post i Nesset, og ein kan finne meir info om turen på www.morotur.no og dersom du lastar ned appen morotur, både for iphone og android. Gratis! Blånebu, på toppen av Blåfjellet Utsikta frå Blåfjellet mot Inste og Ytste Åbittind

Camping ved Eikesdalsvatnet

Bilde
Etter ein flott fjelltur på Trollstigen sette eg kurs mot Eikesdalsvatnet, kor eg slo opp teltet og overnatta. Flott kveld og morgon!

Panoramajakta held fram på Trollstigen!

Bilde
Endeleg kom det ein finversdag, og eg sette kursen mot Trollstigen. Målet var Stigbotthornet og nokre namnlause toppar på eggen mellom Stigbotthornet og Breitind. Turen opp til Stigbotthornet er ganske bratt og går i ulendt terreng. Det er lite sti og det er berre å kravle seg oppover urda. Men når du kjem opp på toppen og får nyte utsikta, da er kravlinga glemt! Etter ein betre lunsj på toppen av Stigbotthornet tok eg fatt på turen bortover eggen mot Breitind, og der tok eg med meg to namnlause panoramatoppar, før eg gjekk ned i Alnesdalen ved Børtjønna og tilbake til bilen igjen. Ein lang og flott tur i majestetisk terreng! Panoramatopp nr. 84, 85 og 86 er tatt. Alnestind, Finnan, Bispen, Kongen, Dronninga, Trollveggen og Molde i det fjerne Utsikt frå Stigbotthornet mot Finnan, Bispevatnet og Bispen Skodda kom inn Isterdalen Trollveggen si "bakside" Trollveggen, Romsdalshorn, Vengetindan og Breitind Finnan, Bispevatnet, Bispen, Kongen ...

Budapest

Bilde
Har vore ei langhelg i Budapest ilag med mamma og Kåre, Kristin og Tom.  Ein utruleg flott by, med mange moglegheiter for opplevingar! Szechenybadet, som ligg i byparken. Vi måtte inn å bade! Frå byparken og området rundt Helteplassen På elvecruise Presidentpalasset Parlamentet, med sine 356 spir... På Magaret-øya På utflukt opp i åsen på Buda-sida av byen. Imponerande kyrkjebygg, festningsverk og palass. På kveldscruise på Donau. Store pengelappar i Ungarn... Har aldri tatt ut 30 000 i minibank før... Mykje artig å sjå gatelangs... Operaen i Budapest. På New York Cafe Budapest, ein av dei mest fasjonable. Servitørane hadde kvite hanskar og alle bevegelsar og serveringar var synkroniserte!! Heilt greit i matsalen på hotelle...