Panoramajakta held fram på Trollstigen!

Endeleg kom det ein finversdag, og eg sette kursen mot Trollstigen. Målet var Stigbotthornet og nokre namnlause toppar på eggen mellom Stigbotthornet og Breitind. Turen opp til Stigbotthornet er ganske bratt og går i ulendt terreng. Det er lite sti og det er berre å kravle seg oppover urda. Men når du kjem opp på toppen og får nyte utsikta, da er kravlinga glemt! Etter ein betre lunsj på toppen av Stigbotthornet tok eg fatt på turen bortover eggen mot Breitind, og der tok eg med meg to namnlause panoramatoppar, før eg gjekk ned i Alnesdalen ved Børtjønna og tilbake til bilen igjen. Ein lang og flott tur i majestetisk terreng!

Panoramatopp nr. 84, 85 og 86 er tatt.
Alnestind, Finnan, Bispen, Kongen, Dronninga, Trollveggen og Molde i det fjerne

Utsikt frå Stigbotthornet mot Finnan, Bispevatnet og Bispen

Skodda kom inn Isterdalen


Trollveggen si "bakside"

Trollveggen, Romsdalshorn, Vengetindan og Breitind

Finnan, Bispevatnet, Bispen, Kongen og Dronninga


Fin lunsjutsikt!



Ser tilbake mot Stigbotthornet


Mot Børa. Rangåhøgda midt i bildet.

Mot Breitind





Alnesdalen

Ved Børtjønna.



Kommentarer