Under open himmel på toppen av Stortuva 1030 moh, Ålvundfjorden, Sunndal

Første veka i ferien var eg ein tur i Sunndalen og veret var nydeleg. Så eg bestemte meg for å ta ein overnattingstur på fjellet før eg sette nasen heimover. Valet fall på Stortuva ovafor Ålvundfjorden. Ruta til topps er godt merka, så det er berre å følge stien. Meir info i linken: https://www.ut.no/tur/2.9613/


Eg var usikker på kor mange moglegheiter det var for vatn oppover, så eg fylte på når eg kom til den første seterbygninga og stien tok av til høgre. Det viste seg at det var moglegheiter oppover, men fikk jo litt ekstra tung sekk og ekstra trening!!


Oppe på toppen. Då starta jakta på ein flat plass og ligge på, med utsikt og uten vind. Mange krav, men fann til slutt eit "flatt" område bak ein bergknaus kor eg la meg til! Stortuva har to toppar, 1036 moh og 1030 moh. Eg jogga bortom 1036, men slo meg til på 1030-toppen. Det er her utsikta er stor!


Ålvundfjorden og Nesøya
Veret var fantastisk, skjorts og t-skjorte, så eg hadde store forhåpningar til solnedgangen. Eg rulla ut soveposen, åt middag og inntok utepilsen. For ein kveld det vart, alle forventingar til solnedgangen vart innfridd!
Blåne på blåne...

Når landskapet blir farga rosa, det er noko av det finaste som er!




Det var berre å rigge seg til i soveposen og nyte kvelden!



Det er til å bli religiøs av!


God natt!
Eg vakna til nok ein finversdag, og kunne nyte kaffen medan sola kom opp over Nordmøre.




Kjempefin tur, storarta utsikt frå eit relativt lågt fjell. Ta turen!




Kommentarer

  1. Så flott, beskrivelsen, været og bildene :-D Ja, vi har en flott natur her på Nordmøre også Carina ��

    SvarSlett

Legg inn en kommentar