Panoramajakta held fram; Trondskjortetinden 1512 moh, Eresfjorden

Etter ei veke på solsenga på Rhodos var det på tide å kome seg opp i høgda igjen. Køyrde til starten av Eikesdalsvatnet og overnatta i telt der, før eg dagen etter sette nasen opp i høgda. Det var ein nydeleg morgon!




Trolsk stemning
Uansett kor ein startar i frå, så er det mange høgdemeter til toppen av Trondskjortetinden. Eg starta frå Eikesdalsvatnet og gjekk langs den T-merka stien opp til Ljøsåbotn. Stien går vidare over Brandstadskaret til Øksendal.


Eikesdalsvatnet og majestetar på begge sider
Eg hadde bestemt meg for å gå opp ei renne på vestsida av dei to små vatna i Ljøsåbotnen. Renna var 500 høgdemeter lang...og bratt! Det låg snø i renna, så det var på med stegjern og dra seg oppover med skistavane.
Ser kort ut, men....
Fløtatinden kjem fram, godt med skiføre midt i juni!
Pust og pes!
Fantastisk deilig å kome seg opp på flata. Så var det å følge ryggen mot toppen. Med unntak av eit lite "vanskeleg" parti, som eg omgjekk på austsida(venstre), så gjekk det greit å kome seg til toppen.


For ei utsikt frå toppen!! Det var berre å nyte den før returen.




Helvetestind, Styggeværshaugen, Kjøvskartind, Kirketaket, Kvitfjellet og mange andre i sikte




Snørenna var så bratt, at det var ikkje aktuelt å sleppe opp, hadde tatt på tida å stoppe dersom eg hadde havna på rævva! Så, det var berre å komme seg ned og ta same veg tilbake til bilen. Ny panoramatopp i boks!

Avslutta med eit ISKALDT bad i Eikesdalsvatnet før heimturen. Bra avslutning på ei ferieveke!

Kart over turen.


Kommentarer