Panoramajakta held fram; Tungremtindane 1260 og 1276 moh, Sykkylven/Ørsta

I påska var Benthe og eg i Riksemdalen og tok ein av dei tre Tungremtindane på ski. I juni var det på tide og vende tilbake for å prøve å ta dei to siste toppane. Riksemdalen er lang så eg tok sykkelen med og spara mykje langdryg gåing, og tilbake var det jo heilt himmels og kunne trille 7 km ned til bilen igjen.

Eg gjekk inn ein ettermiddag og sette opp teltet. Frå teltet hadde eg utsikt mot morgondagens mål. Toppane til venstre (svart rygg) og midt i på biletet under.

Tungremtindane
Synnavindsnipa
Bra med vind heile natta, så det var ein del blafring i teltduken og ikkje akkurat mykje skjønnhetssøvn. I følge yr skulle det kome regn rundt kl 14, så det var ingen tid og miste og før kl. 7 var eg på tur. Litt slakt terreng i starten, bra oppvarming, før det stig jamt bratt på oppover. Mange spisse toppar rundt Riksemdalen, og desse vart meir og meir synlege etterkvart som eg kom oppover. Bruka også tid på research til seinare turar, mykje max zoom på kameraet! Framleis låg det mykje snø, så det vart ein del stamping i snøen opp til Tungremtindane 1260 moh.

Frå venstre Blåbretindane, Skarrabben og Tårnet.
Gjekk på snø heilt til det gjenstod ca 10 hm til toppen. Litt bratt her, men det er berre å klyve opp.


Oppe på toppen ser ein rett ned i Hjørundfjorden og eit fantastisk rundskue til Sunnmørsalpane. Sur vind på toppen, så opphaldet vart ikkje langvarig.

Hjørundfjorden med Molladalstindane til venstre
Kvasse toppar, Nesdalsstaven omtrent midt på rekka, Store Standal på andre sida av fjorden

Yes! Ny topp kan kryssast ut
Så var det ned og langs rygg mot Tungremtindane 1276 moh. Toppen litt til venstre i biletet under.



Gikk radigt bortover ryggen, men knota ein del rett under toppen. Gikk meg litt "fast" og brukte litt tid på å kome meg over den siste hammaren. Fann ei rute, og med alt anna enn eleganse kravla eg meg over toppen.

Det viste seg på veg ned at det var ein straks lettare veg....

På dagens andre topp!
Tilbakeblikk på turen
Utsikt mot ein av majestetane i området, Rånå.
 Nok ein topp med sur vind, så etter ei kort matpause bak ein stein var det å starte på returen. Hadde vurdert å gå vidare langs ryggen bort mot Saudehornet, men innsåg at det kunne bli travelt med tanke på regnet som skulle kome. Det vart berre fleire og fleire av dei mørke skyane og dei kom stadig nærare. Så det var same veg tilbake. Det positive med all snøen som framleis ligg er at det går utruleg fort på nedturen! Så etter ganske kort tid var eg nede ved teltplassen og pakka om sekken før eg la av garde.

Utruleg herleg og kunne sette seg på sykkelen og trille ned til bilen. Og, yr var veldig korrekt den dagen, hadde ikkje før kome meg inn i bilen så opna himmelens sluser seg!


Kart over turen. Blå sykkel, oransje til overnatting og raud fotturen.



Kommentarer