søndag 19. mars 2017

Panoramajakta held fram; Fossholtinden 1200 moh, Vartdal/Ørsta

I februar vart det endeleg ein ny panoramatopp. Sette kursen mot Vardal i Ørsta, kor målet var Fossholtinden 1200 moh. Var usikker på kor mykje skiføre det var, så tok likeså godt med fjellsko og broddar til dei. Det viste seg at skia berre kunne ligge i skiboksen. Det var snøfritt opp til skoggrensa og eg var sjeleglad for at skia ikkje var på sekken, det var tidvis litt tett kratt....



Til denne toppen er det ingen anmarsj, her er det rett på. Starta ved slalombakken i Vartdal, og gjekk rett opp den. Fann starten på ein sti, men etterkvart vart den borte, så eg gjekk berre rett opp lia. Det var ganske tungt, og i enkelte parti var det hard snø og issvullar. 


Men, kom meg endeleg over skoggrensa og såg den lange flanken eg skulle opp. Det var ganske så hard skare, så var veldig glad for at eg tok med broddar. 


Det var ganske så kjedeleg og gå på den lange flanken, men når eg endeleg kom opp på ryggen og kika utover... Framfor meg dukka alle majestetane i Molladalen opp!

Jonshornet, Randers Topp, Mohns Topp og mange fleir!


Topptur ved havet er noko eige!


Oppe på toppen vart utsikta enda betre! Den eine kvasse toppen etter den andre dukka opp. Det var berre å sette seg ned ved varden og nyte kaffe og tjukklefse, før eg starta på returen.


Kolåstinden bak til høgre


Panoramatopp nr. 181 i boks, berre 41 igjen.....


Kart over turen:




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar