Hyttetur, toppar og moltekrem i Isfjorden

Inspirert av overnattingsturen min på "Vår" på Loftskarstind tidleg i februar, tok Benthe og eg turen inn til Isfjorden for ei ny overnattingstur i fjellheimen.

Som sist var første etappen Loftskarstind. Fleire gonger lurte vi på om vi hadde med stein i sekken, den var alvorleg tung...men, ein fot framom den andre, og endeleg var vi oppe. Det var overskya og litt sur vind, men yr meldte fint ver neste morgon. 

Fint kveldslys
Etter at vi hadde innstallert oss i hytta, var det på tide med middag, og den vart til og med treretters! Spekekjøtt av rådyr til forrett, så fast-food med rødvin og til slutt moltekrem med kaffe og baileys. Rart den sekken var tung altså......

Moltekrem til dessert!

God og mett sovna vi og gledde oss til ein nydeleg morgon med soloppgang (i følge yr....). Då vi vakna opp var det ikkje skyfritt og nydeleg soloppgang, men det var fine fargar på himmelen likevel. 

Nordmøre i det fjerne

Dei første solstrålane skin på Vengetindan, Romsdalshorn og Trollveggen

Juratind
Etter kaffe, sjokolade og frokost, la vi avgarde i retning Galtåtind. På ryggen over frå Loftskarstind til Galtåtind var det tidvis ganske så sterk vind, så vi "kolva" begge to eit par gong. Overnattingssekk er straks tyngre enn dagstursekk, og balansen blir utfordra. 










Plutseleg var vi over på Galtåtind og tok av fellene. Ned frå Galtåtind var det rett så bra føre og det var berre å cruise nedover. Vi sette kursen inn i botnen mellom traversen og Skarven kor vi fyllte drikke i den opne elva før vi starta på neste etappe til Søre Klauva.Ved å starte så langt inn kjøpte vi oss ein del høgdemeter i forhold til å kjøre ned til setra før vi starta oppover igjen. 


Majestetane i Romsdalen samla på eit brett
Isfjorden og Åndalsnes


Kjøvskartind bak Kirketaket, ser delar av hesteskotraversen.
Yr meldte vindtstille.....men oppover mot Søre Klauva var det rett så sterk vind. Skydekket letta gradvis frå toppen av Galtåtind, og på etterkvart vart det sol frå skyfri himmel. Ryggen opp til Søre Klauva var litt småsur, så det var berre å flykte inn i hetta og sin egen verden. Oppe på toppen var det heilt vindstille, så vi tok oss ein matpause og nytte utsikta.




Klauva er neste topp på rekka

Planen var å kjøre ned austryggen for så å gå opp på Steinberget (evt oppom Kirketaket) før vi sette kursen mot Husnebbu, som ligg ved foten til Kjøvskartind. Men etter å ha sjekka vermeldingar, som alle meldte svært sterk vind dagen etter, bestemte vi oss for ikkje å ta overnatting nr. 2. Ikkje vits i å bruke opp ein fridag med å irritere seg over at det var så mykje vind at vi ikkje kunne kome oss opp på ein topp. 

Etter pausen sette vi kursen ned austryggen og sklei ut frå Hestebotn til Loftskarssetra og ned til bilen. Eit kjempefint døgn i Isfjorden var over, takk for turen Benthe!



Kart over ruta: 




Kommentarer