Panoramajakta held fram; to bomturar på grensa mellom Valldalen og Innfjorden

Etter ein bomtur i området før for to år sidan, var eg fast bestemt på å komme meg opp på Småholtindan 1591 moh i løpet av sommaren. Så, ein finversdag i juli tok eg turen til Slettvikane og gav meg i veg. Planen var og gå opp til Ringshornet nordvest, og så følgje rygg ned derifrå i retning av Småholtindan og runde rundt på vestsida og opp på toppen. Eg hadde berre  vore i området på ski  før, så var usikker på kor bratt det var ulike stader.

Oppe på Ringshornet nordvest vart eg veldig usikker på vidare ruteval, det såg ganske så bratt ut i alle retningar. Så, eg bestemte meg for ikkje å gå vidare og heller prøve fjellet frå Innfjords-sida. På veg tilbake gjekk eg oppom Ringshornet, som eg aldri før har besøkt.



Store Vengetind lengst bak til venstre, så Stigbotthornet, Breitind, Mannen og Kalskråtind
Småholtinden 1591 moh til venstre, Skjervan midt i bildet langt bak
Småhola bak

Ringshornet
Utsikt mot Skardfjellenden og Skarfjellet
Småholtinden 1591 moh er den spisse toppen omtrent midt i bildet

Nede ved bilen igjen bestemte eg meg for å køyre til Innfjorden for å gjere eit nytt forsøk frå den sida dagen etter. Fann meg ein kjempefin teltplass og kunne nyte kvelden.









Neste morgon var eg klar for å prøve igjen. Parkerte ved vassverket på Berild, rett før brua over elva. Så var det å gå langs grusveg fram til nytt vassverk, kor stien startar. Berdalen er, i mine auge, ein veldig dryg dal. Eg gikk og gikk og gikk og følte eg aldri kom til endes. Før var det bru over elva som kjem ned frå Småhola, men den er tatt av snøen, så det vart nokre spenstige moment for å krysse elva. Etter elvekryssinga er stien bratt ei stund, før du kjem opp i Småhola og det blir flatt.

Eg gikk bort til hytta som ligg mellom vatna og gjekk inn og åt matpakka mi. Vurderte lenge om eg skulle prøve meg på ryggen opp mot Småholtinden, men det var dårleg ver på veg inn og eg fann det lurast å berre snu og gå heim igjen. Så, Småholtindan 1591 moh står framleis ubesigra. I'll be back!




Høgfjellet
Småhola

Her er kart over turane:

Kommentarer