Panoramajakta held fram; Svartevasstinden 1259 moh, Rauma/Vestnes


Svartvasstinden har eg hatt lyst på lenge, så meldte meg på tur med Norsk Fjellfestival. Dagen kom og det var så lågt skydekke at eg følte eg stanga opp i det. Håpet var at vi skulle kome over skydekket, men det viste seg berre å vere ønsketenking. Vi var berre to stykk som hadde meldt oss på turen, så vi la i veg med guiden var, David frå Sverige. Vi starta frå Venås i Måndalen, sjå kart over ruta heilt nederst.  I starten knota vi litt med å finne stien, men etter ei lita stund kom vi inn på den og følgde den opp til Venåsdalsetra på tydeleg sti, kor stien vart meir utydeleg. Men takk for at folk framleis har sau på utmarksbeite, sau er fantastiske til å bevare stiar og tråkk!

På grunn av grauttjukk skodde kom vi litt ut av kurs innerst i dalen. Vi skulle teke mot venstre og opp til Venåsdalsskaret for så å følge ryggen til topps. Men vi tok av til høgre og endte opp i sida under Prosten og kom opp på ryggen ganske langt opp. Då var skodda så tjukk av vi måtte vurdere vidare ferd og tok ei matpause. Vi vart einige om å fortsette turen og prøve oss på toppen.

Vi gjekk langs ein fin rygg heilt til vi kom fram til dagens utfordring, ein steil hammar på ca. 10 meter. Turfølget ville ikkje prøve seg på toppen, så eg og guiden rigga oss til for å klare opp hammaren. Det var eit lite punkt som var litt vanskeleg, blautt og glatt fjell med store fjellsko..., så måtte jukse litt med å halde meg fast i sikringane og dra meg opp..., men vel oppe på hammaren, var det å rangle seg vidare knappe 100 meter bort til toppen. Endeleg var toppen tatt, men eg såg jo ingenting! Litt kjedeleg når eg veit korleis utsikta er....Men, veret kan ein ikkje gjere noko med, så det var berre å starte på returen og rappellere ned hammaren. Så var det berre å traske tilbake til bilen. På turen ned letta skodda litt og vi fekk sjå kor langt vi faktisk hadde gått!

På trass av veret, så var det ein fin tur og eg kunne krysse ut panoramatopp nr. 171!






Her var det på med hjelm og sele. Sekken vart sett igjen.
Dagens utfordring
Som ei "tistappa meddagspøsj" kom e me opp på toppen - eit fotoapparat innafor jakka bidreg ikkje akkurat til ein flatterande kroppsfasong!!
YES!
"Utsikt" vidare mot Trolltinden
Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur!





Kommentarer