Stokknoken 811 moh, Gjemnes

Tok med Hege, Filip, Tonje og Zoe til Stokknoken for nokre veker sidan. Veit ikkje kor mange gonger eg har vore på det fjellet, eit av dei faste turmål i barndomen, både sommar og vinter.
Stokknoken er eit fjell med fantastisk utsikt i alle retningar, og utsikta startar i det du kjem ut av skogen. Etter at det var Stikk-Ut post for nokre år sidan, er det veldig tydeleg sti opp dit. 

Takk for turen folkens!

Kornstadfjorden og Averøya sett frå Snipå
Zoe likar seg på fjellet
I godt driv mot toppen.

Utsikt frå toppen mot (frå venstre) Kvannfjellet, Trolltindan, Eide, Melen og Stemshesten og Meeknoken. 




Snipå, Freikollen til venstre, Tustna og Aure til høgre.

Harøya i det fjerne.

Kommentarer