Stabbeskaret, Trollstigen

Årets siste skitur gjekk til Stabbeskaret 27.mai. Kvelden før kjaur eg opp til Trollstigen og overnatta i telt, og snakk om fin kveld! Dagen etter hadde eg tenkt meg til Breitind, men pga at eg starta turen kl. 06.30 så var snøen steinhardt og eg hadde glemt stegjern i bilen...., så vart Stabbeskaret nytt turmål. Fantastisk utsikt i alle retningar, men dårleg skiføre! Kart over turen nederst, start frå Trollstigplatået/Stigrøra.

Kan ikkje klage på utsikta! Finnan, Kongen, Bispen, Trollryggen, Storgrovfjellet og Stigbotthornet (frå venstre).



Breitind midt i biletet, opprinneleg turmål.
Finnan, Bispen, Kongen, Dronninga og Karitind
Trollveggen frå baksida
Langt ned i Romsdalen


Måtte frampå kanten!
Romsdalshorn, Vengetindane og Kvanndalstind - tre av dei store.




Kommentarer