Panoramajakta held fram; Grånebba 1305 moh, Ålvundeid

I februar var eg på Grånebba 1305 moh, mellom Ålvundeidet og Todalen. Eg starta turen opp skianlegget i Børsetlia, og følgde dalen innover Valsetbotn mot Kjerringvatnet. Derifrå austover mellom Viromkjerringa og Grånebba, før eg følgde ryggen opp mot Vardan/Alteret og tik topps på Grånebba. Kart og rute nederst.

Det var ikkje akkurat supert skiføre, mykje fokksnø og parti med kartongføre. Men, kom meg opp og ned og kunne krysse ut panoramatopp nr. 165!











Kommentarer