onsdag 29. juli 2015

Panoramajakta held fram; sommarskitur til Rangåhøgda 1768 moh, Sandgrovbotn

Vakna til grauttjukk skodde, men såg at sola ikkje var så langt unna, og kunne nyte ein kaffekopp medan eg venta. Det vart ein nydeleg morgon!



Dagens turmål til venstre

Gårsdagens topp - Sandgrovegga
Dagens plan var skitur til Rangåhøgda, og etter ein betre frokost pakka eg saman og køyrde vidare innover dalen. Før eg starta turen køyrde eg vegen til endes for å sjå innover Mardalsbotnen.

Mardalsbotnen

Frå vegen tok det meg 25 minutt med skia på sekken i flatt terreng før eg fann skiføre. Da var det berre å sette igjen joggeskoa og på med skiskoa. Rangåhøgda er fjellet til venstre, til høgre er ein av fire toppar med namnet Midthøin.


Under er ruta mi innteikna.


Første stigning unnagjort.

Det hadde vore folk her nokre dagar før meg, så svake skispor var synlege. Men uansett om eg hadde spor å gå etter, så gav ruta seg sjølv, ikkje mogleg å gå feil her. Det var skikkeleg shortsføre og for min del årets første (og siste?) sommarskitur!?!

Glemte solkremen heime så var litt spent på utfallet....kan melde om at det gikk relativt bra!
Utsikt mot Mardalsbotnen og Juratind

Etter 800 høgdemeter på ski var eg på toppen og fekk ei storslagen utsikt til majestetar i Romsdalen, mellom anna Romsdalshorn, Kvanndalstind og Vengetindane.

Grøttavatnet og Midthøin, langt bak til høgre ser Juratind ute av skyene.

Godt fornøgd panoramajeger! Det var ein skikkeleg morotur!
Rangåhøgda var eit fint og artig fjell, men i følge boka på toppen er det ikkje besøk der kvar veke. Så denne toppen anbefaler eg!

Etter ein lengre pause, var det på tide å stramme skoa, ta av fellene og sette snuten ned igjen. Med tanke på at vi er i slutten av juli var det rett så bra føre. Det var berre å la det stå til nedover, og gliset gjekk nesten i rundt!


Så var det berre å ta skia på sekken og gå tilbake til bilen. Kjempeartig med skitur i slutten av juli, skal tru om det blir skitur i august?? 

Panoramatopp nr. 150 i boks!

1 kommentar: