Loften del 2: Topptur, skodde og strender! Ryten 543 moh, Ramberg og Flakstad

Etter turen i Reinefjorden sette eg kursen nordover. Neste stopp var Fredvang. Hadde sett meg ut ein liten topp, Ryten, som skulle ha super utsikt til Kvalvika strand. Stranda er kjent frå filmen "Nordafor sola", om to unge herremenn som overvintra på stranda og bygde hytte av det dei fann. La i veg i kortarma og oppbretta bukse, men måtte fort på med jakke, hue og vottar. Det vart rett så frisk vind og skodda kom dundrande inn. I små glimt fekk eg sjå stranda, men den storslagne utsikta vart eg snytt for sjølv om eg omtrent kunne sjå sola gjennom skodda på toppen.





Flott utsikt på toppen....


Etter ein kort stopp på toppen sette eg kursen ned igjen - til sola...



Flotte stiar for sykling her, det får bli neste gong!


Turen gjekk så vidare til Rambergstranda og Flakstad, kor eg overnatta.

Rambergstranda
LANGT i frå badetemperatur...

Tørrfisk kan også vere "kunst"!

Flakstad

Det vart overnatting på campingplass denne natta. Men, kan vel ikkje bli så mykje finare!








Kart over turen til Ryten:


Kommentarer

  1. Hei vi er to ungdommer fra Ramberg skole i Flakstad, som ønsker å bruke ett av dine fantastiske bilder til et skoleprosjekt:)
    Det skal bli til en turistbrosjyre om Flakstad.
    Er det greit? ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Beklager veldig seint svar. Dere kan bruke et av bilda, bare oppgi meg som fotograf. Lykke til!

      Slett

Legg inn en kommentar